- Det er bilete me manglar. Eg har personleg samla kvar einaste avisartikkel sidan 1974. Me har elles vore flinke til å ta vare på ting, så det er veldig mykje stoff å ta av, seier dagleg leiar Bjørnar Engelsen.
- Det er bilete me manglar. Eg har personleg samla kvar einaste avisartikkel sidan 1974. Me har elles vore flinke til å ta vare på ting, så det er veldig mykje stoff å ta av, seier dagleg leiar Bjørnar Engelsen.

Etterlyser bilete til jubileumsbok

Lysekloster Idrettslag fyller 70 år i mai 2016. For å markera jubileet har dei engasjert Monica Nordland Yndestad til å skriva bok om klubben.

- De går altså for ei krimbok om Lysekloster Idrettslag?

- Nei, sjølvsagt ikkje, smiler dagleg leiar Bjørnar Engelsen og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Monica har skrive meir enn berre krim. Ho er ein veldig flink forfattar, og dessutan eit naturleg val. Paul og Else Marie Nordland er foreldra hennar. Dei to har vore aktive i idrettslaget i ein mannsalder.

Medlemsoversikt frå 1946

I klubbhuset i Lysefjorden er det hylle på hylle med permar som innheld informasjon om klubben.

- Dette er langt frå alt. Delar av materialet er til bearbeiding, seier Engelsen.

Kunstgrasbanen som kom i 1978 sette Lysekloster på kartet. På biletet kan ein sjå pådrivarar Bjørnar Engelsen, Helge Nordvik og Paul Nordland.
Kunstgrasbanen som kom i 1978 sette Lysekloster på kartet. På biletet kan ein sjå pådrivarar Bjørnar Engelsen, Helge Nordvik og Paul Nordland.
Engelsen viser fram ei av dei gamle lagleiar-bøkene. - Sjå her, dei som var aktive på 1970-talet er dei same som tråkkar rundt her i dag, seier Engelsen og ramsar opp namn frå lista, som er ivrige dugnadsarbeidarar i dag.
Engelsen viser fram ei av dei gamle lagleiar-bøkene. - Sjå her, dei som var aktive på 1970-talet er dei same som tråkkar rundt her i dag, seier Engelsen og ramsar opp namn frå lista, som er ivrige dugnadsarbeidarar i dag.

I skuffene er det lagleiar- og adressebøker, og informasjonsblad om kunstgraset. Dei har til og med den første medlemsoversikta frå 30. mai 1946.

- Det manglar ikkje på stoff. Me har òg ein del bilete, men me vonar at det er nokre der ute som sit på nokre bilete frå klubbens historie. Det gjer ingenting om dei er i eit fotoalbum. Det er berre til å ta med heile permen, så kan me scanne det utan å fjerna biletet frå permen i det heile, seier Engelsen.

Bordtennis, skeiser og ski

Klubben er interesserte i alt av bilete, men særleg gamle.

- Eg har mykje bilete, men det er gjerne av familien min og meg. Dei kan eg ikkje bruka for mange av, for det er ikkje eit album om familien Engelsen me skal laga, humrar Engelsen.

Suksessen klubben har hatt på fotballsida dei siste åra, blir ein sentral del av boka.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alle greiner i idrettslaget kjem til å bli omtala. Det er ikkje ei fotballbok, men det er på fotballsida det er mest å ta fatt i. Før fotball blei ein stor del av Lysekloster Idrettslag, gjekk det i bordtennis, friidrett, skeiser og ski. Noe seinare kom handball på programmet. No er det naturleg nok ikkje skeise- eller skiaktivitet i klubben, seier Engelsen.

"Han med kunstgraset"

Lyseklosters daglege leiar er framleis kjend som ein del av "kunstgras-gjengen" frå 1979. Engelsen, saman med nokre andre medlemer frå idrettslaget, stod på og gjorde ein idé om kunstgras i Lysefjorden til realitet, og banen var på plass i løpet av nokre månader. Kunstgrasbanen var den første i Hordaland, og den femte i Noreg.

- Fotballpresident Eldar Hansen tok turen til Lysefjorden for å sjå kva i all verda me heldt på med. Me fekk forøvrig eit godt forhold til han, seier Engelsen og legg til:

- I 2010 var eg på landskamp på Ullevaal. Ein eg kjenner frå fotballforbundet i introduserte meg for ein gjeng høgt gasjerte fotballfolk som "han med kunstgrasbanen på Lysekloster". Den dag i dag, snart førti år seinare, er det mange som tek opp kunstgrasbanen som tema, seier Engelsen.

Hordalands dårlegaste fotballag?

Seint i 2008 kom brørne Sandal, Ørjan og Thomas, til klubben. Det skulle satsast. Litt av motivasjonen var kanskje at klubben tidlegare same året fekk tilbod frå kretsen om å delta i ei turnering for å finna ut kven som var Hordalands dårlegaste fotballag.

- Det er ikkje tull. Me fekk faktisk tilbodet. Då låg me heilt i botn i 7. divisjon. Det har skjedd store ting sidan då, smiler Engelsen.

På 1990-talet var klubben også nære på å ta verdsrekord i det største tapet noko sinne.

- Då var klubben langt nede. Rekorden var 0-36-tap. Me tapte 35-0. Eg veit ikkje kva som er rekorden no, men me var i alle fall nærmt den gongen, seier Engelsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opprykket vert siste kapittel

- Korleis ser de føre dykk at boka blir?

- Det skal ikkje vera ei teksttung bok. Det er litt av grunnen til at me etterlyser bilete. Me skal ha mange bilete, anekdotar, morosame historier, og nokre faktaboksar. Veldig kjekt at me sikra opprykket i år. Eg tenkjer det vert ei fin og naturleg avslutning på boka, seier Engelsen.