Fonos syng julekonsert i Oseana 2014.
Fonos syng julekonsert i Oseana 2014.

Få ein smakebit på Fonos' julekonsert (video)

Os-koret Fonos er ute med sin første CD, og inviterer denne veka til julekonsert. Dei hadde også tid til å spreia litt julestemning i eteren ved å gje ein intimkonsert i «Os og Fusapostens» redaksjon.

På torsdag og fredag held Fonos julekonsert i Os kyrkje. Båe konsertane er nesten utselde.

- Me har over 700 selde billettar til dei to konsertane, og det var 80 billettar igjen sist eg sjekka, seier ein strålande nøgd dirigent Stine Kobbeltvedt, etter at koret har gjeve oss ein smakebit på julesongen «Stille natt». Denne songen er også med på repertoaret osingane kan oppleva på den føreståande konserten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tidlegare har me hatt julekonsert i Oseana, men me har fått tilbakemeldingar om at akkurat denne konserten kan passa fint å ha i kyrkjerommet. Og no når me har øvt der, merkar me at lokalet kler julemusikken veldig godt. Ein får ein heilt spesiell julestemning der, og det er eit fantastisk rom å syngja i, seier Kobbeltvedt.

Utgir jule-CD

På konsertane vert også eit begrensa opplag av korets første CD utgjeven - også den med julemusikk. Det dreier seg om ei live-innspeling frå fjorårets julekonsert i oseana.

- Opprinneleg hadde me tenkt at dette skulle vera eit opptak for oss i koret. Men då eg høyrde gjennom det i oktober, syntest eg at det var såpass fint at me nesten ikkje kunne ha det berre for oss sjølve, seier ho.

Eirik Grønner i Demningen Studio har miksa CDen, som då vert for sal i kyrkja etter konserten.