Atle Berge, Bleiklie, Magne Vaage og Tor Atle Bergsvåg.
Atle Berge, Bleiklie, Magne Vaage og Tor Atle Bergsvåg.

Fagprøvemaraton i Askvik

Seks personar har så langt teke fagbrev i komposittbåtbyggjarfaget i Hordaland. Fire av dei arbeider hjå båtreparatøren AB Service AS i Askvik.

- Det er heilt eksepsjonelt, seier leiar i fagprøvenemnda, Johann Gunvald Vannes.

Ein komposittbåtbyggjar produserer, vedlikeheld og reparerer båtar av materialar som glasfiber og plast. Handverket vart godkjent som eige fag i 2008, men før kollegaene frå AB Service AS tok fatt på fagprøven, var det berre to andre i Hordaland som hadde teke fagprøve i faget.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er veldig spesielt at fire personar frå same verksemd bestemmer seg for å ta fagprøve. Kollegaene vert nummer 3, 4, 5 og 6 i Hordaland med fagbrev, seier Vannes og legg til:

- For meg som har drive med faget heile livet, er det veldig oppmuntrande å sjå at folk vel å skulera seg. Å kunna skilta med fagfolk vil bety mykje for verksemda. Fagbrevet er eit prov på at dei har den rette kompetansen til å kunna utføra denne typen arbeid, understrekar Vannes.

Sette seg eit mål

AB Service AS vart etablert av Atle Berge i 1996. Først som eit enkeltmannsføretak, deretter som eit AS frå 2006.

Tor Atle Bergsvåg får litt hjelp til å få på plass fenderlista av kollegaane Atle Berge og Vidar Kongsvik Holdhus.
Tor Atle Bergsvåg får litt hjelp til å få på plass fenderlista av kollegaane Atle Berge og Vidar Kongsvik Holdhus.
Leiar i prøvenemnda Johann Gunvald Vannes følgjer nøye med på korleis dei to kandidatane arbeider.
Leiar i prøvenemnda Johann Gunvald Vannes følgjer nøye med på korleis dei to kandidatane arbeider.
Lista er på plass, og båten ser straks mykje betre ut.
Lista er på plass, og båten ser straks mykje betre ut.
Jobben er utført, og prøvenemnda beståande av Johann Gunvald Vannes og Jarle Bruland, studerer resultatet. Dagleg leiar i AB Service AS til høgre i biletet.
Jobben er utført, og prøvenemnda beståande av Johann Gunvald Vannes og Jarle Bruland, studerer resultatet. Dagleg leiar i AB Service AS til høgre i biletet.
dagleg leiar i AB Service AS Atle Berge, Tor Atle Bergsvåg, Vidar Kongsvik Holdhus og Magne Vaage.
dagleg leiar i AB Service AS Atle Berge, Tor Atle Bergsvåg, Vidar Kongsvik Holdhus og Magne Vaage.

- Eg har vore i bransjen sidan 1984, fortel Berge.

I 2013 bestemte verksemda seg for å ta i mot båtbyggjarlærlingen Vidar Kongsvik Holdhus. Det var på mange måtar slik vegen mot fagbreva starta.

- Då AB Service AS tok i mot lærlingen, forplikta verksemda seg til at éin av dei fast tilsette skulle ta fagbrev innan to år, forklarer dagleg leiar i IFOS, Torstein Bleiklie.

IFOS er ei stifting som sidan 1992 har drive med formidling og oppfølging av lærlingar. I tillegg til å følgja opp lærlingar hjelper stiftinga verksemder med å melda opp praksiskandidatar til fagprøve.

- Kravet er at kandidatane har meir enn 5 år med praksis, fortel Bleiklie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hjå AB Service AS var det ikkje berre éin av dei fast tilsette som enda opp med å ta fagbrev, men heile tre.

- Vi kunne ikkje vera dårlegare enn lærlingen, seier Berge og ler.

- Det var eit mål vi sette oss. I tillegg spela Thomas Anmarkrud i Os Båt ei viktig rolle. Han pusha oss til å gå i gang med fagbrevet, legg Berge til.

Anmarkrud, som døydde i sommar, har mellom anna gjeve ut boka "Komposittbåtbygging og reparasjoner", og var ifølgje Bleiklie og Berge ein viktig ressursperson når det gjeld å få betre struktur på bransjen.

Reell prøvesituasjon

I sommar fullførte kollegaane hjå AB Service AS teoridelen av fagbrevet. I haust har dei hatt praksis, og rett før jul kunne Arild Berge og Vidar Kongsvik Holdhus stolt konstatera at utdanninga var fullført.

I førre veke var det Magne Vaage og Tor Atle Bergsvåg som skulle i elden. Då «Os og Fusaposten» var innom verkstaden i Askvik, hadde kollegaane berre ei lita oppgåve igjen før dei kunne kalla seg komposittbåtbyggjarar. Oppgåva gjekk ut på å leggja ny fenderlist på ein båt.

På lista over oppgåver som alt var gjennomførte var diverse reparasjonar i skalken, baugen og på badeplattforma til to ulike båtar, samt ein baugpropell som skulle bytast ut.

- Prøvesituasjonen skal vera eit reelt stykke arbeid der kandidaten får høve til å visa at han kan faget. Vi legg vekt på ulike ting i dei ulike oppgåvene, men når det gjeld skaden i baugen til dømes, så er det viktigaste at båten får tilbake sin opphavlege fasong. Ein skal ikkje kunna sjå at båten har vore reparert, anna enn at det punktet som har vorte fiksa gjerne er litt blankare enn resten av båten, påpeikar Vannes.

Artikkelen held fram under annonsen.

I eit kar i den eine enden av verkstaden ligg fenderlista og godgjer seg. Lista vert varma opp til nærare 100 grader. På den måten vert ho mjuk og medgjerleg, og er enklare å få på plass.

- Lista skal liggja fint inntil kanten på båten. Når lista kjølnar, vert ho fastare og krympar, fortel Vannes.

Vaage og Bergsvåg arbeider konsentrert og målretta. Lista vert festa på to stader på baksida av båten, før dei alt faglærte kollegaane må hjelpa til med å dra lista på plass framme på baugen. Nokre skruar og litt silikon, og jobben er ferdig. Båten ser ut som ny.

- Korleis synest de at det gjekk?

- Greitt. Som forventa, slår duoen fast.

- Korleis er det å venta på domen?

- Nei..., om det ikkje går bra, så hamnar dei på sjøen, seier Bergsvåg og ler.

Eigentleg tek det tre veker frå fagprøven er avlagt til kandidatane får resultatet, men Vannes kan alt no avsløra at både Vaage og Bergsvåg har bestått.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Komposittbåtbyggjarfaget er eit breitt fag. Kandidatane må kunna alt frå reparasjonar og innreiingsarbeid til elektronisk og mekanisk arbeid. De kan gå med hovudet høgt heva, slår Vannes fast.

- Travelt heile året

Med fire tilsette med fagbrev, er Vannes overtydd om at AB Service AS vil stilla sterkt både i forhold til privatkundar og forsikringsselskap.

- Vi får inn båtar som har grunnstøytt, som har skrubbskadar og som har køyrt i kaiar. I tillegg er det skadar knytt til tjuveri, hærverk og ekstremvêr. Vi har det travelt heile året, seier Berge.

- Det vert ikkje ferie på de i år altså?

- Eg hadde ikkje ferie i fjor heller, eg, seier gründeren og ler.

Ifølgje Bleiklie finst det ikkje ei rett line i skuleverket når det gjeld komposittbåtbygging. Då Holdhus var ferdig på båtbyggjarlina i Arendal i 2013, vart skulen lagt ned. Men Bleiklie fortel at verksemder som tek i mot lærlingar forpliktar seg til å gje undervising i faget.