Fann hasj og GHB

Politiet gjorde funn av narkotika i ein bustad i går.
Publisert 15.02.2017 kl. 08.44.

- Vi ransaka ei bustad i går kveld etter mistanke om narkotika, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

På adressa fann dei hasj og GHB. Ein mann og ei kvinne i 20-åra er meldt for oppbevaring av dei narkotiske stoffa.

- Dei to har erkjent forholdet. Det blir vidare oppfølging i rettsapparatet, seier Hadler-Olsen.


Siste saker Gå til framsida