Det vert inga endring i lakse- og aurefisket lokalt. Fisketida og døgnkvoten på to laksar per fiskar i Oselva vil halda fram som før, seier Olav Valle. (Arkivfoto)
Det vert inga endring i lakse- og aurefisket lokalt. Fisketida og døgnkvoten på to laksar per fiskar i Oselva vil halda fram som før, seier Olav Valle. (Arkivfoto)

Får ikkje konsekvensar for laksefisket i Os og Fusa

Miljødirektoratet sine nye reguleringar for fiske etter laks, aure og sjørøye vil ikkje endra noko på fisket i Os og Fusa.

Reguleringane som vart gjort gjeldande frå byrjinga av februar månad, er i stor grad ei vidareføring av gjeldande reguleringar. Ein finn nokre mindre justeringar av fisketider i einskilde vassdrag og sjøområde, men ingen av dei er lokaliserte i Os eller Fusa.

I Hopselva i Fusa vil det framleis vera ope for fiske etter laks og aure i tida frå 15. juli til 15. september.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Lønningsdalselva i Os kan ein som tidlegare fiske frå 1. august til og med 15. september. I Oselva opnar fisket 15. juni og varer til midten av september.

- Store svingingar

Leiaren i Fagrådet for Osvassdraget og Os vassdragseigarlag, Olav Valle, fortel at også døgnkvoten på to laksar per fiskar vil gjelda som tidlegare år.

- I tillegg slepp me som regel ut att alle ho-laksar etter 1. september.

- Auren er freda, så her er det null-kvote, legg han til.

- Kor mange kilo laks kan de ta i Oselva i løpet av dei tre månadene fisket pågår?

- Det kan svinga veldig frå år til år. I fjor tok me rundt 700 kilo laks, og det kan reknast som eit normalår. Det kan variera frå rundt 400 til 1500 kilo, og det er som regel vassføringa i elva som avgjer kor godt fisket blir, fortel Olav Valle.

Redusert vekst og overleving

Ifølgje Vitenskapelig råd for lakseforvaltning (VRL) er innsiget av laks til norskekysten blitt meir enn halvert frå 1983 til 2014. Årsaka er i stor grad redusert overleving i sjøen, mellom anna som følgje av lakselus, og på grunn av menneskeskapt påverknad regionalt og nasjonalt. I tillegg fører klimaendringane til at laksen vert spesiell sårbar for annan menneskeleg påverknad.

Sjølv om laksen er blitt meir utsett for sjukdom og forureining dei siste tiåra, peikar VRL på at det likevel har vore tilstrekkeleg med gytefisk i stadig fleire vassdrag. Dette skuldast i stor grad reguleringar som er sett i verk i sjø og elvar dei siste åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må stifta nytt lag

Ei ny lov krev no at alle fiskerettshavarar og dei som leiger store fiskerettar i Noreg må organiserast i eit ansvarleg lag for sitt vassdrag. I samband med årsmøtet til Fagrådet for Osvassdraget og Os vassdragseigarlag i slutten av april, vil ein difor ha eit møte for å stifta eit nytt lag under same paraply. Dette laget skal ha ansvaret for organiseringa av fisket i Oselva.

Det er sett ned eit interimstyre som skal laga eit utkast til vedtekter m.m. for det nye laget. Alle forslag kan sendast til Olav Valle.