Grunna sjukdom og konfirmasjonar stilte Eikelandsfjorden med fleire junior- og gutespelarar mot Juristforeningen søndag. (Arkiv
Grunna sjukdom og konfirmasjonar stilte Eikelandsfjorden med fleire junior- og gutespelarar mot Juristforeningen søndag. (Arkiv

Fekk det tøft med ungt lag

Eikelandsfjorden gjekk på sitt tredje strake tap borte mot Juristforeningen søndag. Grunna konfirmasjonar og sjukdom hadde laget ein gjennomsnittsalder på 22 år.

- Fire spelarar fekk sin debut i helga. Ein gutespelar og tre juniorar. Dei gjorde seg på ingen måte bort, seier Eikelandsfjorden-kaptein, Arnt Ove Lundervik.

- Kampen starta bra for vår del. Stian Tonning var på vei gjennom då han blei felt, og juristane måtte spela så og seia heile kampen med ti mann. Vi var nære på å skåra ved eit par høve i førsteomgang, men det var heimelaget som gjekk til pause med ei 1-0-leiing, seier Lundervik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Uheldig keeper

I pausen vart laget einig om å halda fram i same stil i andreomgang, men kort tid etter kvilen var Eikelandsfjordens keeper, Tor Erik Eide, uheldig, og heimelaget auka til 2-0.

- Skotet såg ut til å vera harmlaust og trefte midt på Tor Erik, som mista ballen i mål, seier Lundervik og legg til:

- Etter skåringa la dei seg bakpå og trygga leiinga. Vi fekk eit par halvsjansar, men vi klarte ikkje å skapa all verda.

Jamn avdeling

Eikelandsfjorden-kapteinen trur at laget hans ville ha vunne kampen om dei hadde kunna toppa laget.

- Vi mangla vel seks spelarar som etter alle solemerke ville ha starta kampen. Dei som spelte klarte seg bra, men det er eit sakn når så mange rutinerte spelarar ikkje er med, seier Lundervik.

Noko positivt er det å ta med seg frå helgas tap.

- Det er kjekt å sjå at det gror godt bak dei eldste.

Neste kamp for Eikelandsfjorden er heime mot Mathopen fredag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg veit ikkje så mykje om dei. Det kan verka som at avdelinga er veldig jamn, og at det ikkje er så stor skilnad på laga. Det ser i alle fall slik ut no i starten.