Leiar i planutvalet, Magne Djuvik (Frp), skal saman med Gustav Folkestad (V) og Lars Erik Dalland sjå nærare på nokre av formuleringane i planprogrammet til akvakulturplanen. (Arkivfoto)
Leiar i planutvalet, Magne Djuvik (Frp), skal saman med Gustav Folkestad (V) og Lars Erik Dalland sjå nærare på nokre av formuleringane i planprogrammet til akvakulturplanen. (Arkivfoto)

Finpussar formuleringar

Kva vert næringa si rolle i arbeidet med ein ny akvakulturplan i Fusa? Det er noko av det den nyetablerte redaksjonsnemnda skal ta stilling til.

Planprogrammet til den føreståande akvakulturplanen vert ikkje lagt ut på høyring slik tilrådinga frå rådmannen tilsa. I staden bestemte Utval for plan og miljø torsdag at det skal etablerast ei redaksjonsnemnd som får i oppgåve å gå gjennom forslaget til planprogram, og sjå nærare på nokre av formuleringane.

Redaksjonsnemnda består av leiar og nestleiar i planutvalet, Magne Djuvik (Frp) og Gustav Folkestad (V), samt planutvalsmedlem Lars Erik Dalland (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Formuleringane vi skal sjå nærare på handlar om kor breitt ein skal gå ut i høyringsprosessen, og næringa si involvering i arbeidet, fortel Djuvik.

Innan neste planutvalsmøte torsdag 29. september skal arbeidet etter planen vera ferdig. Dermed går saka vidare frå planutvalet til handsaming i kommunestyret torsdag 13. oktober.

Arbeidet med ein plan for akvakultur starta opphavleg som ein del av arbeidet med arealdelen til kommuneplanen. Arealplanen vart vedteken i oktober 2015.

- Akvakulturdelen vart teken ut i siste runde då arbeidet med temaet vart for omfattande. Konsekvensutgreiingane av innspela var ikkje gode nok, heitte det i sakspapira til saka.

Akvakulturplanen skal, om alt går etter oppsett skjema, opp til endeleg handsaming våren 2018.