Representantar frå Os Unge Høgre, Even Lepsøy, Christian Hjelle og Henrik Vågen, saman med kultursjef Lisbeth Axelsen.
Representantar frå Os Unge Høgre, Even Lepsøy, Christian Hjelle og Henrik Vågen, saman med kultursjef Lisbeth Axelsen.

Fire fekk pizza med utdanningsråd

Os Unge Høgres pizzakveld for ungdom var ein stor suksess i fjor, men i år var det berre fire ungdomar som nytta høve til å rådføra seg med representantar frå mange ulike yrke.

I januar i fjor drøfta Os Unge Høgre kva dei kunne gjera for ungdomen i Os. Ideen om pizzakveld for ungdom, med fokus på utdanning og yrkesval blei sett ut i live kort tid etter. 15 ungdomar tok turen til Bar(t) der dei fekk både pizza og gode råd frå kvinner og menn i ulike yrke.

- Vi ønskte aktivitet som ikkje var politisk, men som heller samla ungdom og bidrog til informasjon om ulike yrke. Det er snart søknadsfrist til vidaregåande skule, og vi håpar at ungdom kan henta informasjon her i kveld, sa leiar i Os Unge Høgre, Henrik Vågen i forkant av gårsdagens møte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det viste seg å bli ein veldig skeiv fordeling av yrkesrepresentantar og ungdom i år.

- Vi kunne absolutt vore fleire her, ja, seier Vågen.

- Kva trur du er grunnen til at så få møter opp?

Kompisane Kristoffer Sivertsen (15) og Joakim Olsen (15) har eit veldig ulikt utgangspunkt før søknadsfristen for vidaregåande skule går ut 1. mars.
Kompisane Kristoffer Sivertsen (15) og Joakim Olsen (15) har eit veldig ulikt utgangspunkt før søknadsfristen for vidaregåande skule går ut 1. mars.
På årets pizzakveld fekk ungdom rådføra seg med fagfolk. I tillegg var det gratis pizza og quiz på programmet.
På årets pizzakveld fekk ungdom rådføra seg med fagfolk. I tillegg var det gratis pizza og quiz på programmet.

- Det veit eg ikkje. Det er noko vi lurar på, korleis vi kan nå ut til fleire. Eg meiner at vi har eit kjempekonsept her. Ein ting er å vitja skulane å få eit innblikk i ei line ein vurderer. Her får ein møta og snakka med folk som har jobba med i eit yrke i lengre tid, og det er mange ulike yrke representert.

Det vanskelege valet

To av ungdomane som hadde funne vegen til Bar(t) onsdag, var 15-åringane Joakim Olsen og Kristoffer Sivertsen.

- Eg har nesten bestemt kva eg skal velja. Tømrar ligg til familien, og eg har alltid likt å byggja ting. Difor ser eg føre meg å starta på bygg og anlegg og gå vidare på tømrar, seier Olsen.

Kompisen til den framtidige tømraren, er mildt sagt meir usikker.

- Eg har ingen idé om kva eg skal velja, og det er litt skummelt, for søknadsfristen er rett kring hjørnet, seier Sivertsen og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg lurar litt på TIP, for eg er glad i å skru og slikt. Eg vitja elektrolina på Os vidaregåande tidlegare i år, og det såg ut til å kunna vera interessant. Nett no står det mellom dei to, sa Sivertsen før dei skulle mingla med "dei vaksne".

Vil studera økonomi og juss

Kvinner og menn frå om lag 30 ulike yrke var tilstades for ungdomen i går. Alt frå lege, skipper, politi, advokat, sjukepleiar og ordførar var på plass for å gje ungdomen eit innblikk i arbeidskvardagen, og løpet dei gjekk for å koma dit.

Også arrangør Vågen hadde Vågen planlagt å dra nytte av dagen.

- Eg har sett meg ut advokaten og skipperen, seier han.

Vågen er i gang med siste året på påbygg på Os vidaregåande skule. Etter sommaren er planen å studera i Sogndal på økonomi og juss.

- Er det tøft å skulle ta dette valet som ein ideelt sett berre bør ta ein gong?

- Det er ikkje lett. Ein skal trivast, og så skal ein gjerne tena litt pengar. Det er mange faktorar som spelar inn. Eg håpar at dette blir rett val for meg, men det står att å sjå, seier Vågen.