Kasper Haugland, Snorre Tønnesen Brekke, Marie Steinum og Hanna Roslund har staka ut ein førebels kurs mot yrkeslivet.
Kasper Haugland, Snorre Tønnesen Brekke, Marie Steinum og Hanna Roslund har staka ut ein førebels kurs mot yrkeslivet.

Fire som veit kvar dei skal

Onsdag 1. mars er siste frist for søknad om plass på vidaregåande skule. Snorre, Marie, Hanna og Kasper har bestemt seg.

Etter å ha følgd straumen i årevis, er 10. klassingane i Os og Fusa no klare for å staka ut vegen for vidare skulegang på eiga han. Ikkje alle veit kvar dei skal, eller korleis dei skal koma seg dit dei trur dei helst vil.

Vanskeleg val

Vel ei veke før fristen går ut tok Os og Fusaposten ein prat med fire 10. klassingar ved Os ungdomsskule. Kvartetten representerer det dei trur er eit mindretal blant avgangselevane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er mange som har bestemt seg, men eg trur det er endå fleire som nyttar siste veka på å tenkja seg om, seier Hanna Rosland.

Snorre Tønnesen Brekke forstår dei godt.

- Det er litt skummelt å ta eit slikt val. Uansett kva ein vel får det store konsekvensar for resten av livet. For mitt vedkomande vart det heilgardering. Eg byrjar på Os gymnas. Dermed har eg alle moglegheiter opne etterpå, seier Tønnesen Brekke.

- Det ein gjerne er mest redd for, er å velja feil. Eg skjønar at folk er usikre, seier Kasper Haugland.

Han har bestemt seg for å byrja på TAF Marin ved Fusa vidaregåande skule.

- Då får eg både yrkesretta utdanning og studiekompetanse på same tid. Dessutan vil eg få løn når eg jobbar som utplassert, smiler Haugland.

Vil jobba med film

Også Hanna Rosland vil byrja på TAF i Fusa. Men i staden for TAF Marin, har ho søkt TAF Helse.

- Grunnen er at eg vil bli lege. Ved å ta denne linja kan eg jobba som heimesjukepleiar i studietida og tena pengar og hausta god erfaring, seier den oppvakte ungjenta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marie Steinum går i ei ganske anna retning.

- Eg satsar på å koma inn på medialinja på Nordahl Grieg videregåande skole. Eg er interessert i media og min store draum er ein gong å få jobba med film, fortel Steinum.

Ville hatt fleire skulebesøk

Dei fire ved Os ungdomsskule føler dei var noko lunde oppdaterte på kva valmoglegheiter dei hadde før dei skulle søkja, men skulle gjerne fått høve til å vitja fleire skular.

- Utdanningsfag-biten gav oss ikkje all verda. Det som var mest nyttig var å få reisa på skulebesøk. Me fekk besøka to skular, men skulle gjerne fått besøkt endå fleire, seier Marie Steinum og Snorre.

- Ja, me skulle i alle høve fått besøka tre skular, ettersom det faktisk er tre skular me får lov til å søkja på, kvitterer Kasper Haugland og Hanna Rosland.