Flyktningtalet aukar stadig

I utgangspunktet skulle Fusa busetja 10 flyktningar i 2016. I haust vart talet dobla. No bed IMDi kommunen om å ta i mot ytterlegare ti personar. Av desse er sju einslege mindreårige.

Sidan november i fjor har Fusa teke mot 18 flyktningar. 16 frå Syria og to frå Kongo.

Tanken var at kommunen skulle busetja 30 personar på tre år. Men på grunn av den pågåande flyktningkrisa, har kommunen vorten nøydd til å justera talet. For få dagar sidan bad IMDi kommunen om å ta i mot 30 personar berre i 2016. Året etter er talet 35 (11 einslege mindreårige).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Av dei som alt er komne finst det muslimar, kristne og ikkje-religiøse personar. Nokre har universitetsutdanning eller har arbeidd som sjølvstendig næringsdrivande, andre er sjølvlærte eller er analfabetar. Det er ei brokete forsamling som lærer ulikt og har ulike behov, sa einingsleiar for Helse, familie og velferd, Anne Skagseth, då ho informerte formannskapet om flyktningarbeidet onsdag.

Nye stillingar

Saman med flyktningkoordinator Knut Venge, fortalte Skagseth om alle som er involvert i arbeidet med flyktningane, og kor viktig dei frivillige aktørane sin innsats er, og har vore, det siste året.

- Haldninga om at det er alle i Fusa som tek i mot flyktningane er vesentleg, sa ho.

Fusa kommune har fått pengar frå Fylkesmannen i Hordaland til å oppretta ei 20 prosent stilling i tilknyting til flyktningarbeidet. Tanken er at stillinga skal fungera som ein fritidskoordinator med ansvar for sosiale møteplassar som til dømes språkkafé, internasjonal kafé og ei besøksventeneste.

- Målet er gje flyktningane tilhøyrsle til kommunen. Gjennom besøksventenesta til dømes skal kvar flyktning få to familiar som dei skal verta betre kjent med, og som skal hjelpa flyktningane med å forstå det norske samfunnet, sa Skagseth.

I rådmannen sitt budsjettnotat føreslår rådmann Berit Fløisand dessutan å oppretta ei engasjementsstilling som miljøarbeidar (60 prosent) i flyktningtenesta.

- Stillinga er knytt til auka mottak av flyktningar og vert finansiert gjennom introduksjonstilskot, heiter det i notatet.

- Arbeid er nøkkelen

Den største utfordringa i flyktningarbeidet så langt har vore mangel på bustader. Kommunen planlegg mellom anna å byggja fire utleigebustader og å kjøpa eitt husvære i sentrum av Eikelandsosen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om talet på flyktningar aukar ytterlegare, kan kommunen verta nøydd til å sjå seg om etter bustader andre stader i kommunen.

Ifølgje ordførar Atle Kvåle (Ap) må det gjerast ei vurdering av heile flyktningapparatet til Fusa, slik at kommunestyret kan ta stilling til om kommunen har høve til å ta i mot endå fleire i det første møtet på nyåret.

- Når det gjeld bustader, kan det godt vera at vi må vera meir fleksible enn det vi hadde sett føre oss i utgangspunktet, sa Kvåle.

- Om det kjem 30 personar til neste år, kan det verta tungt å få plass til alle i Eikelandsosen. Eg trur heller ikkje det er eit ønske, sa Bjarte Samnøy (KrF) og oppmoda kommunen om å be bygdelaga om hjelp.

Margunn Samnøy (Sp) meinte òg at bygdene måtte få høve til å bidra.

- Vi er avhengige av å samarbeida med bygdene dersom vi skal ta i mot mange fleire flyktningar, påpeika ho.

Mikal Leigland (Sp) meiner kommunen bør ha stort fokus på samarbeid med næringslivet, og på å få flyktningane i arbeid. Jo før, jo betre.

- Å meistra noko og å klara seg sjølv gjev stor sjølvtillit. Arbeid var nøkkelen i 1994, då flyktningane frå Bosnia kom. Eg trur også det er nøkkelen i dag. Vi må jobba aktivt for å få flyktningane i arbeid. Arbeid gjer godt, både fysisk og psykisk, understreka Sp-politikaren.