Natalie Totland elsker å jobba som personleg trenar, men ho er meir stolt over gode tilbakemeldingar frå kundar, enn kor mykje ho tenar i året.
Natalie Totland elsker å jobba som personleg trenar, men ho er meir stolt over gode tilbakemeldingar frå kundar, enn kor mykje ho tenar i året.

Kickstart med ein av Noregs mest etterspurde PT-ar

I treningsskjeda EVO er ho kåra til årets trenar to år på rad, og i fjor omsette ho for over ein million kroner. Onsdag kickstarta underteikna det nye treningsåret med Natalie Totland som personleg trenar.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har jobba målretta og hardt for å koma dit ho er i dag, men suksessen ho no opplever hadde ikkje vore mogleg om det ikkje var for at Natalie faktisk elskar det ho driv med.

- Folk har spurt meg kvifor eg trur det har gått så bra som det har gjort. Til det må eg seia at eg håpar det er fordi eg er dedikert til yrket, og fordi kundane forhåpentlegvis merkar at eg bryr meg og ønskjer dei framgang, betre livskvalitet og at dei skal nå dei måla dei set seg.

Realistiske mål

- Har du nokre fysiske plager eller andre ting som hemmar deg frå å trena, spør Natalie.

Underteikna fekk køyrt seg i eit kjapt fettforbrennande styrke-program, men opplevde at kommentarane frå Natalie var meir motiverande enn irriterande.
Underteikna fekk køyrt seg i eit kjapt fettforbrennande styrke-program, men opplevde at kommentarane frå Natalie var meir motiverande enn irriterande.
Ikkje alle klarer å smila like avslappa medan dei tek denne såkalla crunch-øvinga.
Ikkje alle klarer å smila like avslappa medan dei tek denne såkalla crunch-øvinga.
Underteikna måtte også gjennom eit par rundar med kneløft, ei øving eg har til gode å bli god på.
Underteikna måtte også gjennom eit par rundar med kneløft, ei øving eg har til gode å bli god på.
Natalie demonstrerer hofteøvinga hiptrust med vekt over midjen.
Natalie demonstrerer hofteøvinga hiptrust med vekt over midjen.
Natalie tek seg alltid tid til ein prat med dei ho trenar. For 25-åringen er det vikig at ho har eit godt og tillitsfullt forhold til kundane.
Natalie tek seg alltid tid til ein prat med dei ho trenar. For 25-åringen er det vikig at ho har eit godt og tillitsfullt forhold til kundane.

- Eh, berre at eg er 44 år.

- Då tåler du ein halvtimes sirkeltrening med fokus på styrke og fettforbrenning (sjå program lengre nede i saka), seier Natalie og set opp sitt vinnande smil.

Me har funne vegen til 365 Aktiv der underteikna bruker å trena ein gong i blant. Denne onsdagsmorgonen skal Natalie gje meg ein kickstart og litt inspirasjon til å trena meir, og kanskje aller mest, fornuftig og målretta det komande året.

- Kva er den største feilen me gjer når me alle skal bli nye og betre utgåver av oss sjølve i januar månad?

- Eg vil seia at altfor mange startar med for høge treningsdosar og for strengt kosthald. Resultatet er at dei fort går lei. Dei held ut ein månad, så går heile prosjektet i dass, humrar PT-en frå Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til:

- Du MÅ ikkje melda deg inn i «Hundre dagar utan sukker»-gruppa på Facebook eller liknande. Meir fornuftig er det heller å tenkjer at ein generelt skal eta mindre sukker, og at ein skal eta meir grønt til kvart måltid. Ein treng ikkje fokusera berre på det ein skal ta bort. Då er det betre å tenkja på kva ein kan leggja til, for at kosthaldet totalt sett skal bli betre, seier Natalie.

Lange dagar

Natalie er vakse opp på Nore Neset, og har alltid vore ei aktiv jente. Då ho skulle utdanna seg, var ho ikkje i tvil om at det måtte bli noko med fysisk fostring.

- Etter Os gymnas studerte eg idrett, fysisk aktivitet og helse på Høgskulen i Sogndal. Seinare tok eg personleg trenar (PT)-utdanninga ved Akademiet for personleg trening, der eg tok noko av utdanninga i Dubai, fortel 25-åringen.

Sidan utdanna ho seg til kosthaldsrettleiar og massør, før ho starta sitt eige firma i 2012 og byrja å ta imot kundar.

I dag jobbar Natalie som sjølvstendig PT med base på EVO treningssenter på Nordås. I tillegg gjev ho online-coaching for kundar frå heile landet, skriv for nettmagasinet EVO Evolution og for Fitnessbloggen, som er ein av Noregs største nettstader for trening og kosthald.

- Det er eit travelt liv du lever. Rekk du å trena sjølv?

- Eg brukar å få meg ei trening midt på dagen, men eg er jo meir eller mindre i aktivitet heile dagen, frå eg byrjar på jobb i ni-tida til eg er heime på Halhjem kring klokka 19 kvar vekedag, seier Natalie.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du har sambuar. Kva seier han?

- Han synest nok eg er flink, men han skulle vel sett at eg var meir heime. Eitt av måla mine for 2016 er at eg skal jobba mindre i helgane, smiler ho.

Flink med menneske

Majoriteten av kundane til Natalie er kvinner, men ho har også ein del menn. Den yngste av kundane er 18. Den eldste er 80 år. Nokre er mosjonistar. Andre har som mål å stilla opp i bikinifitness-konkurranse.

- Det eg likar best ved denne jobben er å få vera med på å endra livet til mennske - hjelpa dei til framgang og visa dei at god trening og godt kosthald gjev resultat, seier Natalie.

Ho meiner det er mange gode PT-ar i landet, men tenkjer at alle kanskje ikkje er like gode menneskekjennarar.

- Styrken min er at eg er flink med folk. Flink til å lytta, ta dei på alvor og bry meg. Dersom eg ser at nokon ikkje har ein god dag, tek eg meg tid til ein prat. Treninga er viktig, men eg er vel så oppteken av at folk har det bra, seier Natalie.

At jobben etter kvart er blitt veldig godt betalt, tek ho mest av alt som eit frynsegode.

- Det er ikkje pengane som er motivasjonen, men det er klart: Eg er stolt over å vera 25 år og ha eit eige firma som omset for over ein million kroner. Det viser at eg er etterspurd og godt likt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvalitet er viktig

Natalie er kjempeglad for at det er fleire og fleire som får augene opp for kor viktig det er med trening og godt kosthald. Ikkje minst dette med å trena rett.

- Folk har travle dagar, så når dei skal trena er det viktig at dei er effektive og gjer det på rett måte. Ein av dei viktigaste oppgåvene til oss som er personlege trenarar er jo å sikra oss at det er kvalitet på det kundane driv med. Ein kan ikkje sitja på eit brysttrenings-apparat og vera på Facebook samstundes. Det går ikkje, slår Natalie fast.

- Kan du vera streng?

- Når det krevst, ja. Men eg er ikkje lik mot alle. Nokon treng kanskje meir oppmuntring enn "pisk". Cluet er å finna veremåten som triggar den enkelte kunde best.

Ikkje gje opp

Ved inngangen til eit nytt år får ho alltid kundar som ønskjer å oppnå mykje på kort tid. Utfordringa då er at dei har lettare for å gje opp.

- Det er klart det finst kundar som er nær ved å gje seg, eller gå lei. Då er det viktig å fortelja dei at menneske er vanedyr. Det tek tid å tilkjempa seg nye vanar. Og når folk har hatt ein sprekk , enten dei har vore borte frå trening, eller spist ein sjokoladebit for mykje, så gjeld det å få dei til å sjå at alt ein har gjort til då, likevel ikkje er bortkasta.

Natalie er også oppteken av at det aldri er for seint å prøva å bli litt sunnare eller få seg litt betre treningsvanar.

- Ein kunde av meg starta då ho var 76 år og trenar no fast to dagar i veka. Helsegevinsten er stor enten ein er ung eller gamal, slår Natalie fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tøff start på dagen

Underteikna er ikkje heilt utrent, men fekk likevel ein tøff start på dagen onsdag. I skrivande stund er eg glad eg sit. Hofteøvingane og rumpe-treninga er ikkje det me mannfolk er mest vane med å gjera.

- Menn i din alder er stundom litt einsretta. Dersom eg skulle trena deg vidare, ville eg nok lagt opp eit løp som gav deg meir allsidig trening for heile kroppen. Ein treng å trena musklane på baksida av kroppen også. Det er dei som held deg oppe og gjev deg rak og rett kroppshaldning, konstaterer Natalie.