annonse

Turboklubben tar av

: Så idyllisk kan ein skøytekveld på Langevatn vera. (Alle (Foto: André Marton Pedersen.)
: Karl Bjørnar er ein av leiarane og kosar seg ved bålet.
: Magisk i måneskin.
: "Nett som i gamle dagar", kommenterte ein av seniorane som var med.
: Ikkje rart at mange vil vera med på dette.
: Med eiga skøytebane på Langevatn.
: Eit bor gjer nytte for å laga hol i isen.

To veker etter oppstart i Lysefjorden, har Turboklubben 79 born og meir enn 20 vaksne leiarar. - Eg drøymer om Turboklubbar over heile Noreg, seier primus motor André Marton Pedersen.

Etter ein bitande kald oppstarten i 15 minus, har det berre gått ein veg for Barnas Turlags friluftsgruppe Turboklubben. Dag ein stilte 40 born opp, og snart stod nesten like mange til på venteliste.

Løysinga var å senda ut mail til foreldra og invitera dei med som turleiarar. Resultatet vart 16 turleiarar og seks ekstra ressurspersonar som kan kallast inn ved behov. Ved å dela borna inn i puljer som får vera med annankvar tysdag, har Turboklubben skaffa plass til alle som vil vera med.

Naturen for alle

- Det ville ha vore rart om nokre born ikkje fekk vera med på tur. Naturen skal vera for alle, seier friluftselskaren.

Turboklubben har base i Lysefjorden, men er så populær at born frå både både Hagavik, Søfteland og Lepsøy er med.

- Den gode responsen er berre kjempegøy. Vi får det til når alle er med og bidreg, smiler André.

- Det er ganske imponerande at eit utandørstilbod som vert starta opp i sprengkulden, dreg så mykje folk?

- Tja, folk treng jo ofte berre eit lite spark bak. Eg ser jo at mange foreldre melder borna sine på, for så å nytta høvet til å bli med sjølve, seier han. Fellesskapet er nemleg like varmt om det er sommar eller bitande vinter.

- Vi har ein senior som heiter Kåre. Etter ein skøytetur på Langevatn nyleg, sa han at dette var nett som i gamle dagar. Berre at i våre dagar må eit slikt treff organiserast. Den gongen kom folk på eige initiativ, seier friluftsentusiasten.

Familiens svar på Lars Monsen

André kan gjerne kallast ein familiefar-versjon av Lars Monsen. Saman med sønene på 3, 5 og 7 år, har han utforska det som er av teltturar, vêrtypar og friluftsglede.

- Dei vert ikkje litt sjalu når dei må dela deg med så mange andre?

- Eg har ikkje høyrt noko om det enno, i alle fall. Dei synest berre det er gøy å treffa andre born og vera ilag, svarer han.

André er til dagleg informasjonsansvarleg i Bergen og Hordaland turlag, og i februar reiser han til Oslo for å inspirera Barnas Turlag til å starta fleire Turboklubbar.

Men før det vil han gjerne utfordra bygdene i Os.

- Eg har høyrt rykte om at det er ein gjeng i Hegglandsdalen som likar å vera ute på tur. Eg kjem gjerne på besøk om de vil starta Turboklubb, seier han.

Nummer to

Klubben i Lysefjorden er nummer to i Noreg etter Odal.

- Det er ikkje noko meir hokus pokus enn at foreldre går saman og lagar ein plan. Ein treng ein som tek initiativ, men når det er gjort så vil mange hiva seg på, trur han. André minner om at dei vaksne ikkje alltid treng å laga så tett program.

- Leik og finn på ting undervegs. Kanskje skal ein ta ein pause og klatra litt i tre eller byggja ei hytte? Det viktigaste er at borna får bli trygge på naturen og trygge på seg sjølv. Naturen er eit flott rom å læra om seg sjølv og sine begrensningar.

Vaksine mot dårleg vêr

- Men kva vil du seia til dei som kjenner at regn og snøslaps får det til å verka i viljen?

- Vêret er alltid verst sett innanfrå. Når ein kjem seg ut så går det i eitt med knyting av skoreimer, brenning av bål og nisteeting. Halvannan time fyk av garde, ler han og siterer ei jente frå Turboklubben.

- Ho spurte, ut av det blå: "Skal vi få 300 vaksiner?". Då svara eg: "Nei, den einaste vaksina de får her er mot frykten for dårleg vêr.

- 79 born har fått plass, kan de ta imot endå fleire?

- Eh, det er vanskeleg å seia nei, men la meg seia det slik. Om det er fleire born som vil vera med, så kan det kanskje vera rom for å starta fleire Turboklubbar i Os?

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut