Tove Hjartnes Fosså vart konstituert som administrerande direktør i Fusa kraftlag då Bernts Grimstvedt gav seg i juli. No tek ho over formelt. (Privat)
Tove Hjartnes Fosså vart konstituert som administrerande direktør i Fusa kraftlag då Bernts Grimstvedt gav seg i juli. No tek ho over formelt. (Privat)

Første kvinnelege e-verkssjef

Tove Hjartnes Fosså tek over som dagleg leiar i Fusa Kraftlag SA.

Fosså har vore konstituert som dagleg leiar for verksemda sidan Bernt Grimstvedt gjekk av, 1. juli.

No gler Fosså seg til å halda fram med dei arbeidsoppgåvene ho har påbegynt det siste halve året.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ei spennande oppgåve, men eg synest det er kjekt med utfordringar. Det er ein heilt ny situasjon for meg å vera toppleiar. I verksemdene eg har vore tilsett i tidlegare har eg arbeidd som mellomleiar, seier Fosså og legg til:

- Hovudjobben fram gjennom vert å tilpassa selskapet til den nye energilova som kjem i 2021. Vi er nøydd til å gjera ein del strukturendringar, samstundes som vi skal bevara og utvikla gode tenester til kundane våre. Eg er sikker på at det vert utfordrande, utviklande, arbeidsamt og kjekt

Fagbrev i 1995

Fosså er ikkje berre den første kvinnelege sjefen i Fusa Kraftlag, ho var også den første kvinna som tok fagbrev som energimontør i verksemda i 1995.

- Eg hadde lyst på eit praktisk yrke, og ei fagutdanning. Elektrofaget kjente eg til frå før av di far min var utdanna innan same yrke. I tillegg er det mange valmoglegheiter innan faget. Ein er ikkje låst til ei spesiell retning, fortel ho.

I 1996 gjekk Fosså frå montørarbeid til planleggingsarbeid, og har sidan drive med prosjekteringsarbeid, saksbehandling, oppfølging av bygg, og prosjektleiing både på bygg og skip i ulike typar firma.

Då Fosså vende attende til Fusa Kraftlag i 2013, kom ho frå selskapet Westcon Power & Automation AS. I Fusa kraftlag fekk ho hovudansvar for småkraft, Det lokale eltilsyn og beredskap.

- Erfaringa eg har frå ulike arbeidsplassar og arbeidsområde er god å ha no når eg har gått inn i ein heilt anna stilling enn det eg har hatt tidlegare. I 2015/2016 gjennomførte eg eit leiarutviklingskurs som har gjeve meg mange gode verktøy til å gjennomføra den jobben eg skal ta fatt på, seier den nye daglege leiaren.