Ronald Valvatne på veg ut frå start på det 30 km lange tempo-rittet. (Privat foto)
Ronald Valvatne på veg ut frå start på det 30 km lange tempo-rittet. (Privat foto)

Forsvara NM-gullet

Ronald Valvatne forsvara søndag NM-gullet i tempo for veteran. Leiraren i Fusa Sykkel er strålande nøgd.

Master-NM i tempo-sykling gjekk av stabelen i Åndalsnes søndag. Fjorårets vinnar i 50-54-årsklassen, Ronald Valvatne, var svært spent før start.

- Eg var nervøs. Det er mange skarpe konkurrentar i min årsklassen, og eg visste at fleire av dei hadde store planar om å tukta meg i denne konkurransen, fortel Strandvik-karen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk sjølvtillit

Løypa var på 30 km. Ved runding 15 km, fekk Ronald dei svara han ønskte.

- Som førsteranka hadde eg fordelen av å sykla sist. Eg gjekk knallhardt ut og var på jakt etter gode svar. Det fekk eg. Ved runding kunne eg sjå at min argaste konkurrent, som starta eitt minutt før meg, hadde tapt ein god del tid til meg, fortel Valvatne.

- At han hadde teke innpå gav sjølvtilliten han trong til å gje på litt ekstra tilbake mot mål.

Ronald Valvatne på toppen av pallen. Til venstre andremann Terje Fordal. Til høgre tredjemann Hugo Strand. (Privat foto)
Ronald Valvatne på toppen av pallen. Til venstre andremann Terje Fordal. Til høgre tredjemann Hugo Strand. (Privat foto)

- Det er jo frykteleg tøft å liggja slik å tråkka. Løypa var paddeflat, og det handla berre om å halda fokus på ikkje å sakka av sjølv om det gjer vondt i heile kroppen.

Lågterskelritt

Laurdag syklar den nybakte noregsmeisteren på heimebane i Fusa.

- I samband med sandvolleyballturneringa Strandvik Open skal me arrangera eit lågterskelritt frå Eikelandsfjorden til Strandvik. Etappen er på 25 km, og alle som kan sykla er velkomne til å delta, fortel Valvatne.