Erik Vangsnes
Erik Vangsnes

Frå fjord til fjell i ein fei

Fusa byr på rike naturoppleving med kort veg mellom fjord og fjell.

- Du kan velja mellom lette og bratte turar i meir krevjande terreng. Det er noko for alle, seier Terje Raunsgard, leiar i Fusa Turlag.

Eit bad før sola går ned

Kva for fjell og løype ein veljar, avgjer kva naturopplevingar ein får, men uansett kva tur ein tek, kan ein rekkja eit bad i fjorden før sola går ned, fortel Raunsgard.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du kan også velja mellom turar der du har utsikt over Bjørnefjorden, eller turar der du berre ser fjell og natur kring deg.

- Ta med kart

Det finst mange nyttige appar til mobilen, som fortel om dei ulike moglegheitane. Med mobilen kan ein også oppdatera seg på kvar ein er. Det kan vera som at ein ikkje lenger har behov for kart og kompass, men det rådar turleiaren ein til å ha med seg i sekken.

- Etter kvart er det mange turar som er godt merka, men det er lurt å ta med seg kart når ein skal på tur. Då får du med deg namn på viktige stader og du veit kvar du er. Kart får ein tak i på kommunetunet og på Fjord´n Senter, seier Raunsgard.

Vi trenger også fortsatt en hilsen fra dere begge som vi har snakket om tidligere.

Utsikt mot Sævareidsfjorden

Ein av turane i Fusa som vert trekt fram er til Breistølshytta frå Strandvik. Turen går i austhellinga mot Sævareidsfjorden og ein ser mot Sævareid, Baldersheim og Håvik.

- Turen til Breistølshytta er flott og variert, med mange fine rasteplassar på vegen. Turen er middelsvanskeleg, og passar òg for barn, seier Raunsgard.

Fusa Turlag vart skipa 6. februar 2013, og er eit lokallag av Bergen og Hordaland Turlag.

Laget har om lag 200 medlemmer, noko som gjer Fusa Turlag til eit av dei største laga i Fusa.