Frigjev dei siste namna

Seint måndag frigav politiet namna på dei siste omkomne frå helikopterulukka på Turøy fredag.

Tidlegare i helga vart det kjent at to osingar mista livet i den tragiske helikopterstyrten i Øygarden fredag. Søndag vart namna på sju av dei 13 omkomne offentleggjort. Blant dei osingen Ole Magnar Kvamme (60).

Kvamme budde i Bergen og arbeidde for Statoil, men var busett i Os store deler av livet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Siste seks

Måndag ettermiddag offentleggjorde politiet altså dei seks siste namna. Blant desse er osingen Espen Samuelsen (35).

Samuelsen var busett på Søfteland og jobba for vedlikehaldsselskapet Welltec Norway.

35-åringen jobba tidlegare på Frank Mohn Fusa.

Espen Samuelsen var busett på Søfteland og jobba for Welltec Norway. (Privat foto)
Espen Samuelsen var busett på Søfteland og jobba for Welltec Norway. (Privat foto)