Magnus THorsnes Kvinge intervjua før han gjekk ut og vann 600 m kappgang på sterke 3,51,5 og dermed sette ny banerekord for gutar.
Magnus THorsnes Kvinge intervjua før han gjekk ut og vann 600 m kappgang på sterke 3,51,5 og dermed sette ny banerekord for gutar.

Frisk start på friidrettssesongen

Det var langt frå mai du skjønne milde, men dei 39 deltakarane i seriestemnet på Friplassen lét seg ikkje forstyrra av det.

Det var berre tilskodarane og ein og ein annan fotograf som klaga over vêret under seriestemnet på Friplassen måndag kveld. Dei unge friidrettsutøvarane konkurrerte i kortbukse eller tights, og lét seg ikkje forstyrra av regnet og den kalde vinden som sto på frå nord.

Tre øvingar

Seriestemnet markerte opninga av utandørssesongen for friidrettsfolket i Os. Stemnet var også det tredje på den nye, flotte friidrettsplassen på Søfteland, sidan opninga i fjor haust.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er vårt andre seriestemne. I tillegg har me hatt ein klubbmeisterskap, kunne primus motor i STIL, Erling Andersen, fortelja.

Deltakarane kom frå alle dei fire friidrettsklubbane i Os. 19 frå arrangørklubben, 15 frå Os Turn, fire frå Lysekloster og ein frå Nore Neset IL.

Deltakarane var i alderen 7-16 år. Samtlege fekk høve til å delta i tre øvingar - 200 m løp, 600 m kappgang og lengdehopp med fart.

Sofie Olsvold Hausberg vann 200 meter og lengde. Lengdehoppet hennar på 4,55 m vart av stemneleiar Erling Andersen rangert som det beste resultat i konkurransen.
Sofie Olsvold Hausberg vann 200 meter og lengde. Lengdehoppet hennar på 4,55 m vart av stemneleiar Erling Andersen rangert som det beste resultat i konkurransen.
Linnea Sælen var lynrask på 200 meteren. 10-åringen sprang inn til klar siger i sin årsklasse.
Linnea Sælen var lynrask på 200 meteren. 10-åringen sprang inn til klar siger i sin årsklasse.

Tre nye banerekordar

Og det var mange som stod for gode resultat. Totalt vart det tre nye banerekordar. To av dei kom på 200 m.

- Ettersom dette er første gong me arrangerer 200 meter-løp, så var det naturleg at me skulle få rekordar i den øvinga, seier Erling Andersen.

Johannes Eskeland (14) frå STIL var raskast av gutane med tida 29,7, medan Sofie Olsvold Haugsberg (16) frå Os Turn sprang inn til 31,7. Dette er no gjeldande banerekordar for jenter og gutar på Fribanen.

- Elles må eg trekkja fram Sofie igjen. Med eit hopp på 4,55 m i lengde med fart, stod ho etter mi meining for stemnets beste resultat, seier Erling Andersen.

Også i kappgang vart det ny banerekord.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ti år gamle Magnus Thorsnes Kvinge gjekk 600 m på tida 3,51,5. Det er om lag åtte sekund raskare enn Vegard Skaatun sin banerekord frå i fjor haust, konstaterer Andersen.

- 11 år gamle Nora Wiik Søreide gjekk 600-meteren på 3,30,1. Dette er også ein bra prestasjon, sjølv om det ikkje vart banerekord på henne denne gongen, legg Andersen til.

Resultat:

G8 20 m: Alexander Nordbeck, Os turn, 46,1

Mathias Aadland, Os turn, 39,5

Vegard Øye, Os turn, 43,0

G9 200m: Alexander Førde, Os turn, 39,8

G10 200m: Magnus Kallestadbakken, Søfteland TIL, 35,6

Simen Tømmernes Klakegg, Søfteland TIL, 39,8.

Artikkelen held fram under annonsen.

G11 200m: 1. Henrik Gading, Søfteland TIL, 43,1

G14 200 m: 1. Johannes Eskeland, Søfteland TIL, 29,7

2. Henrik Borgen, Os turn, 32,0

3. Erik Øye, Os turn, 32,0

4. Oskar Riis Guldbrandsøy, Os turn, 32,2.

J8 200m: Ally Simm Hjartholm, Nore Neset IL, 45,7

Erle Lunde, Os turn, 44,7

Frida Berge Steinsland, Os turn, 44,0

Artikkelen held fram under annonsen.

Karina Hjelle-Søfteland, Søfteland TIL, 50,4

Mari Wiik Søreide, Søfteland TIL, 41,0

J9 200m: Isabell Eriksen, Lysekloster IL, 46,0

Jennie Boos, Lysekloster IL, 39,2

Julie Margrethe Nordfonn, Os turn, 42,3

J10 200m: Amalie Berge Fjelltveit, Søfteland TIL, 40,3

Linnea Sælen, Søfteland TIL, 33,7

Maria Lillefosse, Os turn, 54,7

Artikkelen held fram under annonsen.

J11 200m: 1. Nora Wiik Søreide, Søfteland TIL, 35,7

J12 200m: 1. Linnea Berge Fjelltveit, Søfteland TIL, 34,2

2. Daniella Styve Kallekleiv, Søfteland TIL, 35,2

3. Tuva Olsen Klyve, Os turn, 35,9

4. Madelene Lindborg Alver, Søfteland TIL, 37,4

5. Tonje Kleppe Laasby, Søfteland TIL, 40,2

6. Silje Kleppe Laasby, Søfteland TIL, 41,5

J14 200m:

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Malin Dale, Os turn, 33,9

J16 200m:

1. Sofie Olsvold Hausberg, Os turn, 31,7

G10 600m kappgang:

Magnus Thorsnes Kvinge, Søfteland, 3.51,5

Simen Tømmernes Klakegg, Søfteland TIL, 4.22,6

G11 600m kappgang: 1. Adrian Skau, Søfteland TIL, 4.09,8

2. Henrik Gading, Søfteland TIL, 4.22,6

J8 600m kappgang: Mari Wiik Søreide, Søfteland TIL, 3.52,0

J10 600m kappgang:

Maria Lillefosse, Os turn, 4.29,0

J11 600m kappgang: 1. Nora Wiik Søreide, Søfteland TIL, 3.30,5

2. Madelen Tro Isaksen, Søfteland TIL, 3.46,0

J12 600m kappgang:

1. Gabije Barcaite, Søfteland TIL, 4.00,3

2. Silje Kleppe Laasby, Søfteland TIL, 4.00,5

3. Daniella Styve Kallekleiv, Søfteland TIL, 4.03,2

4. Tonje Kleppe Laasby, Søfteland TIL, 4.13,9

G8 Lengde: Alexander Nordbeck, Os turn, 1,79, +0,3

Eirik Olsen Klyve, Os turn, 1,85, 0,0

Mika Stakkeland, Lysekloster IL, 1,41, 0,0

Vegard Øye, Os turn, 1,55, 0,0

G9 Lengde: Alexander Førde, Os turn, 1,99, 0,0

G10 Lengde: Magnus Kallestadbakken, Søfteland TIL, 3,05, -0,3

Magnus Thorsnes Kvinge, Søfteland, 2,71, +1,0

G11 Lengde: 1. Lars Hjelle-Søfteland, Søfteland TIL, 2,60, 0,0

2. Adrian Skau, Søfteland TIL, 2,06, 0,0

G14 Lengde: 1. Johannes Eskeland, Søfteland TIL, 4,13, -0,2

2. Henrik Borgen, Os turn, 3,65, +1,2

3. Erik Øye, Os turn, 3,57, +0,9;

4. Oskar Riis Guldbrandsøy, Os turn, 3,39, 0,0

J8 Lengde: Ally Simm Hjartholm, Nore Neset IL, 2,40, 0,0

Erle Lunde, Os turn, 1,78, -1,1

Frida Berge Steinsland, Os turn, 2,54 , +0,5

Mari Wiik Søreide, Søfteland TIL, 2,36, +0,3

Elise Boos, Lysekloster IL, 2,00,-0,3

J9 Lengde: Isabell Eriksen, Lysekloster IL, 2,34, +0,6

Jennie Boos, Lysekloster IL, 2,76, 0,0

Julie Margrethe Nordfonn, Os turn, 2,95, 0,0

J10 Lengde:

Amalie Berge Fjelltveit, Søfteland TIL, 2,68, 0,0

Linnea Sælen, Søfteland TIL, 3,43, 0,0

Maria Lillefosse, Os turn, 1,79, +0,4

J11 Lengde: 1. Nora Wiik Søreide, Søfteland TIL, 2,77, 0,0

J12 Lengde: 1. Daniella Styve Kallekleiv, Søfteland TIL, 3,46, +0,8

2. Tonje Kleppe Laasby, Søfteland TIL, 2,70, 0,0

3. Tuva Olsen Klyve, Os turn, 2,67, 0,0

J14 Lengde: 1. Malin Dale, Os turn, 3,67, +1,0

J16 Lengde: 1. Sofie Olsvold Hausberg, Os turn, 4,55, +1,5