Os kyrkje var heilt full under Trude Brenna Aasen si gravferd.
Os kyrkje var heilt full under Trude Brenna Aasen si gravferd.

Fullsett kyrkje tok avskil med Trude

Borna til Trude Brenna Aasen takka mora i ein rørande tale under gravferda i dag.

Fleire hundre osingar - vener, kollegaar og familie - hadde møtt fram til gravferda til Trude Brenna Aasen onsdag føremiddag. Fleire måtte sitja på galleriet, då kyrkjesalen vart full ei god stund før start. Andrew Holman spelte preludiet før heile kyrkjelyden song "Blott en dag" saman.

- På ein dag som denne leitar ein etter lyspunkt i alt det vonde. Trude sette mange gode spor etter seg, og borna Mariell og Joakim har lyst å dela dei med oss, sa prest Knut Ivar Askeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Borna heldt minnetale

Borna delte mange gode minne frå oppveksten, og veksla på å føra ordet.

- Kjære mamma, du var så sprudlande og livsglad. Det som har skjedd er veldig trist, men heldigvis har me mange gode minne gjennom eit heilt liv, sa Mariell.

- Takk for ein fantastisk barndom. For deg kom oss borna alltid først. Det trengte me aldri å lura på. Når me vart større, var du alltid ein del av gjengen, sa Joakim.

- Du var engasjert, og hadde alltid kreative løysingar. Det var så trygt å koma til deg, sa Mariell.

- Og me som var einige om at me skulle feira 120 års-dagen din! Den var allereie planlagt ned til minste detalj, sa Joakim.

- Gleda di var så stor når du fekk høyra at du skulle bli mormor. Du følgde nøye med, og ringte kvar dag for å høyra om babyen hadde sparka i magen. På sjukehuset var det du som fekk klippa navlestrengen, sa Mariell.

- Takk for at du var deg. Me sjåast igjen. Takk for gode minne, sa Joakim.

Frå far og mor

Faren til Trude hadde skrive eit minneord som presten las opp. Han gjekk gjennom heile livet frå fødselen av. Familien hadde busett seg på Søfteland, og Trude fekk ein bror. I 2007 gjekk broren bort, og faren la vekt på kva Trude hadde betydd i denne tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du var viktig for meg i sorga etter at bror din gjekk bort, las Askeland opp.

Han fortalde vidare om korleis ho i seinare år fekk ei interesse for gardsdrift, og tok agronomutdanning. Den aller siste sms-en han sende til dottera handla om korleis dei saman skulle henta noko gardsutstyr neste gong han kom heim frå Nordsjøen.

Då Trude vart mormor som 37-åring, vart faren, då 58 år gamal, oldefar.

- Du gav alltid av di tid. Du tenkte på alle. Du såg den store samanhengen. Du hadde omsorg og plass til mange, heitte det, før han lova å vera til hjelp til dei som no sit att.

- Menneskets sterkaste kraft er kjærleiken. Det er den me må ta i bruk no og ta vare på kvarande.

Ei melding frå mor vart også lesen opp.

- Trude var den beste dottera nokon kunne ha. Takk for dei solstrålane av nokon barneborn du gav meg. Mamma er så glad i deg, gullet. Eg saknar deg så godjenta mi, las presten.

- Skal driva barnehagen vidare i Trudes ånd

I Lysekloster barnehage, der Trude hadde sin arbeidsplass, hadde ungane teikna kvar si teikning til Trude. Desse vart overlevert til dei etterlatne. Styrar for barnehagen, Marit Johannesen, heldt tale på vegner av dei tilsette.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me var heldige å ha Trude som kollega. Ho var ein viktig og sentral person i arbeidet vårt. Ho var eit ja-menneske, som gjekk laus på alle oppgåver med lyst og vilje. Då ho bestemte seg for å utdanna seg til agronom på Stend jordbruksskule gjorde ho det ved sida av full jobb. Me var stolte av å få ein person med slik kompetanse arbeidande hos oss. Frukt- og bærhagen vår har ho æra for. I vår sådde ho grønnsaksfrø. Det grodde rundt Trude, og resultatet finn ein rundt over alt i barnehagen, sa Johannesen.

Kor flink ho var med borna, og kanskje særleg dei minste borna vart vektlagt.

- No like før påske fortalte ho meg kor viktig det var å vera obs på dei minste borna sitt kroppsspråk. Trude hadde eit refleksjonsnivå som gjorde at ho ofte greidde å sjå ting frå eit anna og meir spanande perspektiv. Ho var like vakker utvendig som innvendig. Me kjem til å sakna glimtet ho hadde i auga, og roa ho skapte rundt seg. Men me har tenkt å driva barnehagen vidare i same ånd, sa Johannesen.

Jordfestinga

Etter at Gina Aspenes hadde sunge "Liten fuggel" og presten hadde lyste fred over hennar minne, vart grava boren ut på kyrkjegarden. Der song den store forsamlinga den gamle gravferdssalmen "Så ta da mine hender" før jordfestinga.