Borna fekk kle seg ut og blei tatt bilete av i Harry Potter-kostyme.
Borna fekk kle seg ut og blei tatt bilete av i Harry Potter-kostyme.

Fullt hus på Harry Potter-dag

Den Harry Potter-frelste bibliotekaren Martine Durban Jahr gjorde nok ein gong biblioteket om til Harry Potters verden.

I fjor var første året det blei arrangert Harry Potter-dag for ungane i Fusa. Heile 30 born tok del då. Mange av dei 35 borna som tok turen i år, var også tilstades i fjor. Dagen har vore ein så stor suksess, at tilbodet vil halda fram også til neste år.

- Det er i alle fall planen, seier Jahr.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er du Harry Potter-frelst?

- Eg er vel fan av Harry Potter. Eg har lese alle bøkene og sett alle filmane, men eg kan ikkje seia at eg er blod-fan. Eg liker for mange ting til å kunna kalla meg det, seier ho og smiler.

Basilisken vitja Fusa

Durban Jahr har fått mange positive tilbakemeldingar etter at ho starta å finna på ulike ting, som Harry Potter-dagen, i biblioteket.

Harry Potter-bøkene var sjølvsagt på plass.
Harry Potter-bøkene var sjølvsagt på plass.
Det var mange ulike Harry Potter-relaterte aktivtetar i biblioteket i Fusa i helga.
Det var mange ulike Harry Potter-relaterte aktivtetar i biblioteket i Fusa i helga.
Mads, Nicolai og Martine er klare for å tre inn i Harry Potter-universet.
Mads, Nicolai og Martine er klare for å tre inn i Harry Potter-universet.

- Meldingane går på at det er kjekt at det skjer noko i biblioteket, og at det er gratis. Skal ein finna på aktivitetar med borna som familie, kan det ofte bli dyrt, seier bibliotekaren.

Opplegget i år var mykje det same som i fjor. Ungane fekk leita etter malacruxane, kle seg ut i kostyme frå Harry Potter-universet og ta del i huscup. Ungane fekk i år også løysa kryssord, og finna fem feil på to bilete som var nesten identiske.

- Nytt av året var at myseriekammeret var litt skumlare enn i fjor. Då var det eit antiklimaks. I år skaffa vi ein basilisk, slangen som kan gjera folk til stein, og som Harry Potter kjempa mot i den andre boken i serien. Basilisken vår var eit modifisert slangekosedyr som vi hengte opp, og hadde lyssetting på. Dette sette ungane pris på, seier Durban Jahr.

Arrangerer brettspel-turnering

Bibliotekaren er glad i å finna på ting i biblioteket som kan samla folk, og gje eit godt aktivitetstilbod. I februar blir det brettspel-turnering.

- Eg synest at det er kjekt når det skjer noko. Brettspel-turneringa er for eldre born og vaksne. Det er ein myte at vaksne ikkje liker å leika også, seier bibliotekaren og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Planen er å spela Ticket to ride, eit spel kor ein skal byggja togliner over eit kart. Dette er eit morosamt familiespel, seier Durban Jahr.