Atle Kvåle seier at Fusa Ap vil få fleirtal til å avvisa kommunesamanslåing med Os og Tysnes.
Atle Kvåle seier at Fusa Ap vil få fleirtal til å avvisa kommunesamanslåing med Os og Tysnes.

Fusa stoppar kommunereforma tvert

Fusa Ap har i kveld sikra seg fleirtal for å avvisa intensjonsavtalen for samanslåing med Os og Tysnes. - Me let oss ikkje tvinga av Oslo-makta, seier Atle Kvåle.

Arbeidarpartiet i Fusa har hatt møte i kveld for å drøfta korleis dei skal forholda seg til intensjonsavtalen som vart lagt fram tidlegare denne veka. Atle Kvåle fortel at dei har kome fram til ein ganske radikal konklusjon.

- Me har landa på at dette ikkje er god Ap-politikk. Me vil ha levande bygdesamfunn, og det får ein ikkje ved å laga stadig større einingar. Me vil difor seia nei til intensjonsavtalen alt på fredag, når styringsgruppa for kommunereform har sitt møte, seier Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Har de fleirtal for denne ståstaden?

- Me har snakka litt i lag med Senterpartiet, og dei har same ståstad. Berre i lag med dei vil me få fleirtal i kommunestyret. Eg er også ganske sikker på at KrF er einige med oss, seier Kvåle.

- Kva skjer med prosessen vidare dersom dette vert utfallet av fredagens møte?

- Me stoppar opp alt. Det blir ikkje noko ekstraordinært kommunestyremøte 18. mai om kommunereform i Fusa.

- Og ikkje noko meiningsmåling?

- Inga meiningsmåling heller. Eg reknar med å få både ris og ros for dette, og det er eg klar for å ta.

- Tidlegare i dag kom meldinga om at Fusa kommune får 3,1 mill. kroner mindre kvart år frå staten, dersom de vel å ikkje slå dykk saman med nokon. Kva tenkjer du om det?

- Eg tenkjer at me i Fusa er litt for stolte til å la oss tvinga av regjeringa på den måten. Eg har sagt fleire gonger at eg synest dette har vore køyrt som ein dårleg prosess frå regjeringa si side. Først har dei sagt at det skal vera frivillig, og så viser det seg at dei eigentleg prøver å tvinga oss. Men det skal dei ikkje greia. Me vil stå imot trykket frå Oslo-makta, avsluttar ordføraren.