Då røyret på Øpstebø i Samnanger skulle rehabiliterast, nytta Hordaland Aquatecnic AS verdas største glasfiberarmerte polyesterstrømpe.
Då røyret på Øpstebø i Samnanger skulle rehabiliterast, nytta Hordaland Aquatecnic AS verdas største glasfiberarmerte polyesterstrømpe.

Fusafirma tøyer grensene

I samarbeid med NCC har fusafirmaet Hordaland Aquatecnic AS utført nybrotsarbeid på FV48 denne veka.

- Så vidt vi kjenner til er det første gong metoden vert nytta i slike dimensjonar i Noreg, seier Roger Lemme i Statens vegvesen i ei pressemelding.

I samarbeid med NCC har Hordaland Aquatecnic AS planlagt og gjennomført ei heilt spesiell rehabilitering av eit underjordisk røyr (ein kulvert) på Øpstebø i Samnanger.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jobben vart utført ved å trekkja ei glasfiberarmert polyesterstrømpe gjennom røyret. Når strømpa var på plass, vart ho blåse opp. Deretter set ein på UV-lys inne i strømpa. Prosessen, som tek om lag 19 timar, gjer at røyret, som var i ferd med å klappa saman, herdar.

Metoden er ikkje uvanleg ved rehabilitering av gamle røyr. Det som gjer arbeidet på FV48 spesielt, er storleiken på røyret.

- Strømpa hadde ein diameter på 1600 millimeter og var 40 meter lang. Det er den største glasfiberstrømpa som vert herda ved hjelp av UV-lys som finst, forklarar dagleg leiar i Hordaland Aquatecnic AS, Toralf Antonesen.

Strømpa vert produsert i Tyskland av BKP Berolina. Ifølgje Antonesen gjekk rehabiliteringsarbeidet etter planen.

- Vi fullførte arbeidet i dag. Kulverten er i drift igjen, seier han.

Også i neste veke skal Hordaland Aquatecnic AS i sving igjen. Då er det eit røyr på Øyro (Kolle) i Fusa som skal skiftast ut ved hjelp av same metode. Røyret har ein diameter på 1400 millimeter og er 32 meter langt.

- Ettersom røyret er avstengt medan arbeidet finn stad, treng vi nokre dagar med lite eller ingen nedbør, seier Antonesen.

Glasfiberarmert polyester har lang levetid. Ein annan fordel er at ein slepp gravearbeid i køyrebanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Arbeidet er ikkje til hinder for trafikken, heiter det i pressemeldinga.