Osbadet har mange prosjekt på gong. - Vi håpar at aktivitet skapar aktivitet, seier dagleg leiar Bård Alfstad.
Osbadet har mange prosjekt på gong. - Vi håpar at aktivitet skapar aktivitet, seier dagleg leiar Bård Alfstad.

Går mot rekordmånad for Osbadet

Når det regnar ute strøymar folket til badehallane. Osbadet går mot sin beste juli-månad nokon gong.

I løpet av dei snart ti åra som Osbadet har eksistert, har besøkstala i juli aldri vore så bra som no. På det meste har 450 besøkt hallen på ein dag.

- Frå sankthans og fram til no har det vore veldig mange besøkjande. Det var mindre i periodane med sol i juni. Vi følgjer vêret, seier dagleg leiar i Osbadet, Bård Alfstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilrettelagt for born

Osbadet har ope heile sommaren. Kven som kjem er ein blanding av faste og nye, og det er spesielt familiar som utforskar innebassenga for fyrste gong.

- Vi har kjøpt inn og lagt ut små leikar i bassenga. Til dømes ein flytande motorsykkel som borna kan sitta og padla på. I tillegg er det komen ein liten rutsjebane i det minste bassenget. Vi har fått gode tilbakemeldingar på nyvinningane. Det verkar som at familiar set pris på av vi har tilrettelagt meir for born, fortel Alfstad.

Snart ti år

I september i år feirar Osbadet ti år. I den anledning har dei ein liten konkurranse og ekstra tilbod.

- Vi skal ha ein konkurranse på inngangsbilletten. I tillegg skal kvar tiande kunde gå gratis inn, seier den daglege leiaren.

Samstundes gjerast det klart til endå fleire nyvinningar som dei besøkjande kan få glede av.

- Vi har kjøpt inn ein soppfigur og ein slangefigur som skal spruta vatn. Målet er å få installert dei før jubileet, fortel Alfstad.

Mange tilbod

Osbadet har mange ting på gong for tida. I tillegg til nytt utstyr, skal dei også starta aktivitetsfritidsordning for skuleelevar og symjeopplæring for vaksne. Det lovar bra for aktivitetsfritidsordninga det susar.

- Vi har førebels 60 påmelde. Det er vi veldig nøgde med, og vi har fått gode tilbakemeldingar på opplegget, seier Alfstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om du tenkjer det er fullt, så fortvil ikkje.

- Det er fortsatt nokre plassar igjen, informerer han.

Open hall

Eit tilbod som Osbadet kjem med til hausten, er open hall i Oshallen.

- Då skal vi setja opp ei lufthoppemadrass på 8x8 meter. I tillegg skal vi leggja ut ballar og leggja til rette for småaktivitetar som bowling og bandy, seier Alfstad.

Osbadet ynskjer å gje eit tilbod til dei som ikkje har så mykje midlar.

- Alt skal ikkje kosta pengar. Det er eit lågterskeltilbod. Alle som vil er velkomne. Det er gratis og vil vera kvar sundag klokka 10 til 12.

Dei ulike sundagane vil ha såkalla "temadagar"

- Vi får då til dømes besøk av Actic, Os handball eller Os turn. Det kjem utdanna instruktørar, fortel Alfstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aukar tilgjengeligheita

Det arbeidast med mykje nytt, men Osbadet gjer fortsatt alt dei kan for å forbetra det dei allereie har.

- Det er fullt på babysymjinga, så den går veldig bra. No held vi på å komprimera kurs, slik at terapibassenget skal bli meir tilgjengelig for det vanlege publikummet. Det veit vi at fleire har ønskja, seier den daglege leiaren.