Tove har teke vare på mykje av skriveria om ho og sentrum. Ho har eit brennande hjarta for sentrum, og sjølv om ho no må leggja ned to butikkar, kjem ho ikkje til å slutta å jobba for Os sentrum.
Tove har teke vare på mykje av skriveria om ho og sentrum. Ho har eit brennande hjarta for sentrum, og sjølv om ho no må leggja ned to butikkar, kjem ho ikkje til å slutta å jobba for Os sentrum.

Går ned med flagget til topps

- Eg kan lova eit halvår som gjer at folk kjem til å hugsa butikkane. Det har vore ei fantastisk reise, seier Tove Tvedt Skarstein.

Denne veka kunngjorde Tove den vanskelege avgjerda om å leggja ned to av tre butikkar i Os sentrum. Madam Ane skal ho driva vidare, men leiker/hobby-avdelinga og den 94 år gamle jernvaren har siste opningsdag 31.juli

- Det var ikkje riktig at Madam Ane skulle fungera som hovudsponsoren til dei to andre avdelingane. Dei har gått med underskot dei siste åra, medan Madam Ane går godt, seier Tove.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gode samtalar med Sigurd

Pressemeldinga om avgjerda blei sendt ut tysdag kveld. Steget med å avvikla dei to butikkane, blei ikkje teke over natta.

- Det er mange år sidan eg starta å tenkja på det. Eg har sett endringane og utviklinga i marknaden. Av og til tek ein berre skylappane på, og tenkjer at dette skal gå bra. No måtte eg sjå realiteten i augo, og gje meg medan eg framleis har den eine butikken eg kan driva vidare, seier Tvedt Skarstein.

For om lag ti år sidan hadde ho samtalar med faren Sigurd som i si tid tok over drifta etter far sin, Peder, som opna jernvaren på Os for 94 år sidan. Ho frykta for framtida for familieverksemda, og at ho ein dag ikkje langt der framme, måtte leggja ned. Faren gav full aksept til dei endringane som måtte gjerast.

Sviktande inntekt dei siste åra gjer at den 94 år gamle jernvarebutikken må leggjast ned. Det same gjeld leiker/hobbyavdelinga. Tove Tvedt Skarstein kjem til å driva vidare Madam Ane, som dei siste åra har halde liv i dei to andre butikkane.
Sviktande inntekt dei siste åra gjer at den 94 år gamle jernvarebutikken må leggjast ned. Det same gjeld leiker/hobbyavdelinga. Tove Tvedt Skarstein kjem til å driva vidare Madam Ane, som dei siste åra har halde liv i dei to andre butikkane.
Det er mykje historie i og på veggene i isenkrambutikken. Til dømes Toves farfar, Peder Tvedt, sin gamle sekk.
Det er mykje historie i og på veggene i isenkrambutikken. Til dømes Toves farfar, Peder Tvedt, sin gamle sekk.
Peder laga i si tid populære fiskeslukar. Alt då ho var ei lita jente, fekk Tove ta del i produksjonen.
Peder laga i si tid populære fiskeslukar. Alt då ho var ei lita jente, fekk Tove ta del i produksjonen.
Dei gamle skia til Toves far, Sigurd, heng på veggen.
Dei gamle skia til Toves far, Sigurd, heng på veggen.
Kundar har gjeve utstoppa dyr i gåver til jernvaren.
Kundar har gjeve utstoppa dyr i gåver til jernvaren.
Tove Tvedt Skarstein, Steinar Bøe, Tore Lehrmann og Anne Berit Lehrmann.
Tove Tvedt Skarstein, Steinar Bøe, Tore Lehrmann og Anne Berit Lehrmann.

- Det var godt å høyra hans ord, og det gjer dette litt lettare. Samstundes liker eg ikkje å gje meg. Eg er litt sta, men likevel kjennest ikkje dette som eit nederlag. Eg har stått på og kjempa i fleire år på overtid, seier Tvedt Skarstein.

Tøft overfor dei tilsette

Samstundes som ho jobba for å gå det til å gå rundt, følte ho eit ansvar overfor Os.

- Det var ein periode der mange butikkar måtte leggja ned. Ta fotobutikkane for eksempel. Den bransjen fekk det plutseleg, og alle fotobutikkane forsvann på kort tid. Eg brenner for Øyro, og har på ein måte vore "Fru Osøyro", seier Tvedt Skarstein.

For "Fru Osøyro" har det tøffaste i denne prosessen vore å fortelja dei tilsette at jobbane deira forsvinn.

- Dei tener pengane til livets opphald i butikkane. Det er tøft å ta beslutninga og seia at det er slutt no. Eg har vore på ferie i to veker, men eg har ikkje hatt ei heil natts søvn. Eg hadde ei fin samling med alle dei tilsette tysdag kveld. Det som for mange kanskje hadde vore eit møte på 20 minutt, blei for oss eit møte på to timar der vi sat og snakka. Det er eit nært samhald, og det skal det halda fram med å vera dette halvåret. Vi skal gå ned med flagget til topps.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit halvår med mykje tårer

For å gjera tapet minst mogleg, kunne Tove valt at butikkane skulle stengjast om ein månad, men det var aldri eit alternativ.

- Kollegaane mine må få tid til å områ seg, og eg har eit varelager som må realiserast. Det er også mange kundar på jernvaren som er sommarkundar. Eg vil ta ei skikkeleg avskjed med dei også. Det blir nok eit tøft halvår med mykje tårer, seier Tove og legg til:

- Det var mange som i går blei møtt av ei grinande Tove. Eg har ikkje berre jobba her og drive butikk. Det har vore ein utruleg stor del av livet mitt.

I tillegg til å stå på i butikkane, har Tove slite med sjukdom. Ho har også mista foreldra dei siste åra. Ho skildrar seg sjølv som sta og uthaldande, men medgjev at det har teke på. Då er det godt å ha ein god, sterk familie kring seg.

- Eg er takksam for at eg har den familien eg har. Dei har stått i det. Det er gjerne dei som "får det". Dei er samtalepartnerane mine.

Begge borna har heilt frå dei blei fødd fått butikk inn i blodet. Dottera Synnøve blei med på messe i Fredrikstad då ho knapt var ein månad gamal. Andreas var med på kaminesørvis-kurs som liten gut, og sjarmerte alle saman.

- Familien har måtta ta sin del av det å ha ei mor og kone som er så engasjert i jobben, seier Tove og smiler.

Dei store endringane i marknaden

Familien har fullt ut støtta Toves beslutning om å leggja ned to av butikkane. Tove føler at ho har snudd kvar ein stein, og at det ikkje er meir ho kunne gjort for å få det til å fungera. Endringane i marknaden har kome snikande. Tidlegare kom seljarar og leverandørar på besøk. Tove blei invitert på kongressar i Europa, fabrikkbesøk og turar til utlandet i regi av leverandørar som Black & Decker, Dewalt og Gardena. Ho har også fått sjå korleis meterstokken blir laga. Det skjer visst på heile 24 stasjonar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Slike besøk har gjort at eg har fått kjennskap og respekt for varene eg har selt, og fått ei forståing for verdien. No er det heilt slutt på besøk og reiser. Katalogar kjem ikkje lenger og seljarane forsvinn, seier ho og held fram:

- Tidlegare leverte vi parafin og fyring til bygda med BP (British Petroleum, journ.mrk.). Så blei det til Norol, før det blei Statoil. Det blei spandert kongressar i Europa, og eg har vore med på revy i Irland, Jersey og Malta. Eg har fått vera med på toppen når pengane ikkje var eit problem. No er kranene stengd på mange måtar. Før jul fekk eg ein telefon frå avtroppande leiar i Statoil. Der fekk eg beskjed om at alle ordremottaka blei lagt ned. Stakkars fru Olsen som har parafinomn og sit heime og frys. Ho kan ikkje ringja til Tvedt som før for å tinga parafin. No må ho ringja til kundesørvis i Oslo.

Har invitert utanlandske kundar heim

Online-shopping og dei store kjedebutikkane har også gjort det tøft å driva butikk med åra.

- Berre i Os er det 14-15 butikkar som sel jernvarer. I tillegg har matvarekjedene nærast alt innan kjøkken. Dei sel ikkje lenger berre brød. Dei sel også brødkniv. Dei sel ikkje berre ost, men også ostehøvel. Eg trur ikkje folk flest tenkjer på at om dei hadde gått til ein lokal butikk, så hadde dei støtta denne til livets rett. Når det kjem til marknadsføring, kan eg ikkje konkurrera mot kjedene. Det er det ikkje økonomi til, seier Tove.

Fru Osøyro har teke med seg mykje lærdom frå foreldra. Det viktigaste er engasjementet overfor kundane.

- Dei turte å dela. Då gjorde eg det også. Eg har hatt utanlandske kundar innom som har feriert og budd på Solstrand. Eg inviterte dei heim til meg for å visa korleis vi bur i Noreg. Ein skal vera oppriktig interessert og engasjert. Då gjev ein ikkje berre mykje, men ein får så utruleg mykje attende. Vi har alltid prøvd å løysa problem og utfordringar for kundar på best mogleg måte. Om vi ikkje kan hjelpa dei, så fortel vi kor dei kan gå for å få hjelp.

Ein av dei siste isenkrambutikkane

På jernvaren har dei hatt eit mål om å ta vare på gamle tradisjonar og atmosfæren. Dei har tre frå Os smurt i tjære i butikken. På veggene er det historiske element som Peder sin gamle sekk og skia til Sigurd. Det er også utstoppa dyr, og originale fiskeslukar frå tida då dei blei produsert på jernvaren.

- Eg trur ikkje det er mange ekte isenkrambutikkar att. Vi har jobba for å skapa den gode stemninga. Eg har alltid sagt at vi ikkje skal ha datakasse. Vi skal ikkje ha ting på datamaskin. No har det kome eit påbod om at alle skal ha det frå 2019, seier Tove og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er mange sommar- og hyttekundar som kjem på besøk, og er heilt frå seg av glede over at det framleis finst ein slik butikk. Vi har vore opptekne av å ta vare på historia, men vareutvalet har alltid vore nytt og moderne, så vi har følgt med i tida.

Skal bli hugsa

Tysdag kveld og onsdag strøymde det inn meldingar og telefonar frå kundar og kjende som nesten ikkje trudde det dei las.

- Det er mange som blei triste. Det er på ein måte godt, for det viser at vi blir sett pris på. Eg har fått mange oppmuntrande ord, og folk forstår at det må gjerast når det ikkje er berekraftig, seier ho.

Tove har i lag med sentrumsforeininga funne på mykje spanande for å trekkja folk til sentrum. Ulike arrangement som vasski-køyring, moteshow, auksjonar og lojalitetskort til sentrumskundar. Dette arbeidet kjem ho til å halda fram med også i framtida, og fram til sommaren jobbar ho på for å gje butikkane ein verdig finish.

- Nett no er det eit vakuum etter at avgjerda blei teke, men vi skal stå på det neste halvåret. Eg kan lova eit halvår som gjer at folk kjem til å hugsa butikkane, seier Tove og legg til:

- Eg har fått gleda av å møta mange fine folk, og fått mange nye vener gjennom desse butikkane. Det har vore ei fantastisk reise.