Gav gass for Giblraltar-besøkande

Gassnor og brannmenn frå Os brann og redningsvesen demonstrerte torsdag gass-sløkking på Ulven.

Det var Gassnord som gav gass og stod som ansvarleg for øvinga, men det var brannfolk frå Os brann og redningsvesen som tok seg av flammane.

- Grunnen til at dei kjem til Os er at me har gasstankar på Halhjem, og at me har bra erfaring med sløkkingsarbeid av denne typen, seier varabrannsjef i Os, Arne Monsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skyhøge flammar

Flammane stod skyhøgt mot den blå himmelen då brannfolka gav på med vatn frå slangane sine.

- Vatnspylinga gjer me med ein veldig vidtspreiande stråle. På den måten vert mannskapet vårt heile vegen beskytta frå flammane, samstundes som dei lett kan styra dei bort der dei vil ha dei, fortel Monsen.

Etter å ha sløkt flammane etter ein tenkt gass-lekkasje langs med bakken, sløkte brannfolka også eit kar fylt med gass.

- Her ser me tydeleg at vatn ikkje hjelper det grann. Her må ein til med pulver om ein skal sløkka flammane, fortel Ole Lund frå Gasnor.

Foreviga frå lufta

Som så ofte elles når Os brann og redningsteneste har øving var Anders Fløysand og teamet hans frå Varde Film på plass. Torsdag filma dei både frå lufta og frå bakken.

- Dronen vår er veldig hendig til slikt bruk. Kameraet har svært høg oppløysning og kan flyga med ein fart på opp til 100 km/t, fortel Fløysand.

Arne Monsen er glad dei har eit proft team som Varde Media i bygda.

- Me samarbeider ofte med dei. Også i samband med skogbrann eller liknande er det stor hjelp for oss når dei filmar frå lufta, slik at me får betre oversikt over situasjonen, konstaterer Monsen.