Kjersti Toppe (Sp).
Kjersti Toppe (Sp).

Gi kommunane reformfred!

- At fylkesmenn og embetsverk får i oppdrag av H/FrP-regjeringa å overprøve og dirigera kommunar og folkevalde sine vedtak om kommunens eigen framtid, er uakseptabelt, skriv Kjersti Toppe (Sp).

I Hordaland, som elles i landet, har ei rekke kommunesamanslåingar stranda på grunn av nei-vedtak i små og mellomstore kommunar. Men no skal fylkesmennene på sjølvstendig grunnlag gjere sine faglege vurderingar og gi tilrådingar for departementet innan 1.oktober 2016, som grunnlag for vedtak i Stortinget.

Vår eigen fylkesmann, Lars Sponheim, varslar at småkommunar kan ende opp med å få seg ei solid overrasking( NRK 30/6-16). Han vil teikne eit heilt anna kommunekart enn det vi har i dag. Han ber einslege kommunar bruke hausten til å ta seg ein ny runde på om dei skal slå seg saman( BT 7/7-16). Det bør kommunane slett ikkje gjere. Å overprøve nylege lokalt fatta vedtak fordi staten og embetsverket ikkje er nøgde med dei høyrer ikkje heime i ei reform som, om enn nokså misvisande, blir omtala som ei frivillig kommunereform.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Hordaland har regjeringa si kommunereform ført til kommunekaos. For regjeringa si frivillige kommunereform viser seg å vere frivillig helst for kommunar som gjer slik staten vil. Etter fyrste runde er det klart at det framleis vert mange små kommunar i Hordaland, fordi ein lokalt meiner det er det beste for sine innbyggjarar. Desse lokale vedtaka skal vi ha stor respekt for. Nokre kommunesamanslåingar vert det også. Men det er heilt klart at kommunereformprosessen er sterkt kritisert.

Verkemidla er ikkje ei statsreform verdig. Kommunepolitikarar har blitt trua av tidsfristar, nye tidsfristar, fylkesmenn og nytt inntektssystem som skal gjere det verre for små kommunar å tilby gode velferdstenester til folket sitt. Innbyggarundersøkingar er blitt kritisert for å vere førande, og folkerøystingar skulle ein i følgje regjeringa helst unngå. Om kommunereform er målet, kva var då spørsmålet?

Til fylkesmannens rolle i reforma: I Høgre sitt program står det at Høgre vil fjerne fylkesmannen si moglegheit til å overprøve kommunane basert på skjønn. I Frp sitt program står det at fylkesmannsembetet si rolle bør gjennomgåast med tanke på avvikling. Stortinget har nyleg grunnlovsfesta lokaldemokratiet. At fylkesmenn og embetsverk no får i oppdrag av H/FrP-regjeringa å overprøve og dirigere kommunar og folkevalde sine vedtak om kommunens eigen framtid, er uakseptabelt.

Spørsmålet er om fylkesmann Sponheim til hausten tør å tilrå mange tvangssamanslåingar i Hordaland mot kommunestyra sin vilje. Og, om regjering og Storting i tilfelle vil høyre på desse tilrådingane. Om det siste skjer, vert det ein interessant Stortingsvalkamp i 2017.

Kjersti Toppe

Stortingsrepresentant Senterpartiet