Silja Bjørkly, Ottar Randa og Marie Lunde Bruarøy.
Silja Bjørkly, Ottar Randa og Marie Lunde Bruarøy.

Gjekk for konservative frisyrar

Det var storfint besøk i Syrin og Guris frisørsalong i dag tidleg, men Høgre-gjestene var moderate i val av frisyre.

- Me har den store ordførarkandidat-klippen i dag. Ottar Randa er ordførar-kandidat for Kvam, Tom Christer Nilsen er fylkesordførar-kandidat for Hordaland, og sjølv er eg altså ordførar-kandidat for Høgre her i Os, seier frisør Marie Lunde Bruarøy.

Ho gjekk med stoisk ro til verks då ho skulle finfrisera dei to høgre-kollegaane før innspurten av valkampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er berre moro å klippa høgrefolk. Dei veit korleis dei vil ha det, ler Bruarøy.

Flott manke

Tom Christer sat stort sett i telefonen under friseringa, men eit par minutt sleppte «Os og Fusaposten» til.

- Du ser ut til å gå for ein konservativ frisyre?

Tom Christer får finstussa nakkehåra. Ottar Randa tenkjer truleg å behalda litt av lengden nett der.
Tom Christer får finstussa nakkehåra. Ottar Randa tenkjer truleg å behalda litt av lengden nett der.

- Hehe, ja, jo dette er vel ein konservativ frisyre. Eg må jo sjå litt representativ ut, svarer Nilsen.

- Eg har no stussa det litt. Du skulle sett han då han kom. Han hadde litt av ein manke, kvitterer Bruarøy.

Nilsen hadde ein travel dag framfor seg, og var meir enn klar for å overlata stolen til Ottar Randa.

- No skal me vidare på sykkelturen vår til Fitjar. Der skal me prata om trafikksikring, seier Nilsen.

- I går var dei i Os. Eg viste dei rundt, også på heimstaden min i Øyane, seier Bruarøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt stuss

Også Ottar Randa gjekk for ein rimeleg konservativ klipp. Men dei korte fotballhåra i nakken ville han vehalda.

- Eg får stussa det litt no fram mot valgkamp-finalen, seier Randa, som i Os er mest kjent for å vera leiar i Os Bygg og Eigedom.

- Har du tid og ork til å driva med politikk i heimkommunen også?

- Ja, politikk og samfunnsutvikling er det som interesserer meg mest. Eg har drive med bygg og eigedom i 40 år, og føler difor at eg har ein del å bidra med. Eg har rett og slett litt kunnskap, seier Randa.

Før han fekk klippen sin, tilbydde han Bruarøy at Nilsen og han kunne klippa kvar si side på Bruarøy som takk for hjelpen.

- Eg er ganske uredd slik. Det verste er at eg kunne vore truande til å seia ja, humra Bruarøy.