Linn Frøkedal Røen veit at mange av kundane på Haugsneset gler seg til nyopninga av butikken. Den unge daglege leiaren gler seg like mykje sjølv.
Linn Frøkedal Røen veit at mange av kundane på Haugsneset gler seg til nyopninga av butikken. Den unge daglege leiaren gler seg like mykje sjølv.

Gler seg til nyopninga på Haugsneset

Det har teke lenger tid enn planlagt, men i desember opnar endeleg nye Kiwi på Haugsneset.

Det er gått nær eitt år sidan den gamle Kiwi-butikken på Haugsneset stengde døra og vart jamna med jorda. I desse dagar ser ein konturane av den nye og langt større butikken. Butikken skal opnast i desember.

- Det blir kjempekjekt. Eg får stadig spørsmål frå folk om når butikken opnar og korleis han kjem til å sjå ut. Det verkar som dei gamle kundane saknar butikken, seier Linn Frøkedal Røen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho har vore dagleg leiar på Haugsneset sidan 2012. Dei siste månadene har ho jobba i Kiwi-butikken på Moberg.

- Det har vore kjekt å jobba på Moberg også, men det blir noko heilt eige å koma tilbake til Haugsneset - til ein heilt ny butikk, nær tre gonger så stor som den gamle, seier Røen.

Ingen fleire forseinkingar

Det vel 1.250 kvadratmeter store bygget har no fått tak og heildekkande golv, men mykje står att før butikken er klar for kundane.

- Dette har teke ein del lenger tid enn planlagt. Mellom anna vart prosjektet forseinka grunna raset i bakkanta av tomta i vinter. Elles er jo me berre leigetakarar, så sjølve framdrifta av bygget kan ikkje me gjera så mykje med, seier regionssjef i Kiwi, Jan Olav Mjøs.

Han er rask med å leggja til at eigarane har stått hardt på for at ting skal gå så raskt som mogleg.

- Det siste me har sagt er altså at me opnar i løpet av desember. Eg håpar me slepp å utsetja fleire gonger no, seier Mjøs.

20 fleire parkeringsplassar

Til liks med butikken på Moberg, har også Haugsneset-butikken hatt for få parkeringsplassar. Det gjer dei noko med no.

- Tidlegare hadde me 17-18 parkeringsplassar. Når me opnar opp igjen i desember skal det vera 38 plassar. Det vil nok hjelpa godt på, seier Røen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye Kiwi

Både butikken på Moberg og Haugsneset vert no ein såkalla "Nye Kiwi"-butikk. Mjøs forklarar omgrepet slik:

- Med "Nye Kiwi" meiner me butikkar der me har auka fokuset på frukt, grønt og ferskvarer. Dei siste åra har me sett at kundane våre stadig ønskjer å spisa meir frukt og grønt. Difor har det vore viktig for oss å gje desse varene betre plass og synlegheit i butikkane, seier Mjøs.