Lokal humorspreiar, Jon Aslak Berhovde, tok forsamlinga inn i låtten mellom middagen og kaffien.
Lokal humorspreiar, Jon Aslak Berhovde, tok forsamlinga inn i låtten mellom middagen og kaffien.

God julebord-stemning med Fusa Lions

Det årlege julebordet som lionsklubben i Fusa arrangerer vart ein suksess - også i år. 50 gjestar på 75+ møtte opp på Eikelandsfjorden samfunnshus 26. november.

Pinnekjøt med kålrabistappe og poteter sto på menyen, og etterpå vart det servert kake av ulike slag samt kaffi. Allsong før, under og etter gjorde denne ettermiddagen til ei hyggeleg stund både for gjestane og lionsklubben sine medlemmar som var vertskap.

Klubbaktivitetar

Presidenten i Lions Fusa, Egil Hauge, ønskte velkomen og orienterte litt om klubben sine aktivitetar i inneverande år. Lions er jo ein verdsomspennande organisasjon for frivillige som ønskjer å hjelpe dei som ikkje har det så godt ute i verda. Fusa Lions er mellom anna engasjert i fleire prosjekt, alt frå flyktningarbeid i Libanon til utdeling av julegåver i Litauen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lokalt har Fusa Lions "ein finger med" i gode tiltak som både Eikhovdaheimen og Fusa rockeklubb, samt ulike tenester innan førebygging av rusgiftbruk og mobbing i skulen.

I år har Fusa Lions nytta 50% av innsamla midlar lokalt, 25% nasjonalt og 25% i andre land.

Hauge nemnte også siste skot på stamma: Song- og musikkgruppa, som er ganske så nystarta. Dei har hittil hatt éi øving og fire konsertar.

Julebord-gjestane koste seg med pinnekjøt, og etterpå vart det servert kake av ulike slag samt kaffi.
Julebord-gjestane koste seg med pinnekjøt, og etterpå vart det servert kake av ulike slag samt kaffi.
Presidenten i Lions Fusa, Egil Hauge, ønskte velkomen og orienterte litt om klubben sine aktivitetar i inneverande år. Her i lag med Jon Aslak Berhovde.
Presidenten i Lions Fusa, Egil Hauge, ønskte velkomen og orienterte litt om klubben sine aktivitetar i inneverande år. Her i lag med Jon Aslak Berhovde.

Dagens gjest

Lokal humorspreiar, Jon Aslak Berhovde, tok forsamlinga inn i låtten mellom middagen og kaffien. Eit snedig trekk, for når lattermusklane har fått trimma litt, er det meir plass til kake. Denne gjesten er full av gode historier og viser, og publikum var med på notane, i høgste grad.

Avslutningsvis fekk Fusa Lions song- og musikcompagnie bidra med tre nummer, og måtte sanneleg trø til med ekstranummer på tampen.

Vi har inntrykk av at alle drog heim med smil om munnen - og nokre med krem i barten.

Flott arrangement!

Synnøve Lien