Gøril Tjosås Drønen (t.h.) ved Os gymnas vart ein av seks vinnarar i den nasjonale konkurransen "Mattemaraton". Her med lektor i matematikk og fysikk ved gymnaset, Maaike van Langen.
Gøril Tjosås Drønen (t.h.) ved Os gymnas vart ein av seks vinnarar i den nasjonale konkurransen "Mattemaraton". Her med lektor i matematikk og fysikk ved gymnaset, Maaike van Langen.

Gøril (16) vann mattekonkurranse

Gøril Tjosås Drønen vart ein av vinnarane av den landsomfattande matematikk-konkurransen "Mattemaraton" etter å ha fullført 422 oppgåver.

På Os Gymnas deltok alle elevene som har matematikk 1P i MatteMaraton denne våren. Til saman løyste elevene over 8000 oppgåver. Tre av elevane klarte å fullføra 422 oppgåver, deriblant Gøril Tjosås Drønen i 1. klasse ved gymnaset. Ho vart i tillegg trekt ut som ein av seks vinnarar på landsplan av eit Microsoft Surface 3 nettbrett.

Morosam pugging

MatteMaraton er ein nasjonal konkurranse som blir arrangert av Kikora, som er produsent av eit digitalt verktøy innan faget. Målet var å løysa 422 oppgåver i løpet av mai månad. Oppgåvene var delt inn i 10 etappar med namn som TallToppen, DivisjonsDalen og BrøkBerget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med MatteMaraton vil Kikora bidra til at elevene repeterer pensum på ein god og morosam måte, heiter det på nettsidene deira.