(Mobilfoto frå Kuvenbakken)
(Mobilfoto frå Kuvenbakken)

Gut (9) sendt til sjukehus i luftambulanse

Litt etter klokka 16 i ettermiddag oppstod det ein kollisjon mellom ein syklist og ein bil i Kuvenbakken.

- Ein ni år gamal gut er frakta til Haukeland universitetssjukehus, seier operasjonsleiar ved Hordaland Politidistrikt, Tatjana Knappen og held fram:

- Situasjonen til guten er alvorleg, men ikkje kritisk. Patruljen har vore på staden og gjennomført straksetterforsking, og føraren av bilen er teken hand om.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Veit de noko om korleis ulukka oppstod?

- Det er det tidleg å seia noko om, seier Knappen.

OPPDATERT: - Guten kom syklande ut av ein oppkjørsel iført mørke klede og hjelm. Det var uoversiktlig, og guten sykla inn i sida på bilen. Patruljen har vurdert at fører ikkje kan klandrast, og det ble ikkje tatt førerkortbeslag, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen til VG.