Frank Vasby Bruarøy er kjøkkensjef ved Hamnechefen som snart flyttar ut av Cafe Engeline sine lokale, og no draumer om å få overta torgbygget når det står klart. (Arkivfoto)
Frank Vasby Bruarøy er kjøkkensjef ved Hamnechefen som snart flyttar ut av Cafe Engeline sine lokale, og no draumer om å få overta torgbygget når det står klart. (Arkivfoto)

Hamnechefen håpar på Osroso

- Vi håper på det beste, det kan bli eit spennande bygg og er absolutt interessant for oss, seier Frank Vasby Bruarøy.

Fredag var kjøkkensjefen på Hamnechefen i møte med kommunen om mogleg bruk av det planlagde torgbygget.

- Vi hadde ein laus prat på fredag, ja, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nyleg vart det kjent at han og restauranten Havnechefen flyttar ut av Buggegården før mars, og då står utan lokale på ubestemt tid.

Håper på julebord på torget

Då Os og Fusaposten omtalte saka 29. januar i år, fortalte Bruarøy at dei ønskte å halda fram ein plass i Os sentrum, og sa:

- Vi er svært interesserte i å opna restaurant på Torget i samarbeid med kommunens Liv på Øyro-prosjekt.

Måndag kan han opplysa at dei alt har sett på fleire moglege løysingar, og vore i dialog med fleire forskjellige, deriblant Os kommune. Med det kan dei vera eit hakk nærare draumen om restaurant på torget.

- Eg ser for meg at dette er den planen som kan realiserast raskast, for eg har forstått at planen er dette skal stå ferdig i løpet av året. Så om dei vil ha oss og vi vil ha dei, så har eg eit håp om at vi kan rekka julebordsesongen der, seier kjøkkensjefen.

Bruarøy har tru på at ideen med at der skal vera små Buer med litt sal også kan passa deira konsept utmerkt.

- Ingen ting avklara

Ordførar Terje Søvknes kan bekrefta at kommunen har vore i dialog med Bruarøy om Hamneschefen.

- Kan Frank Bruarøy og Hamnechefen bli drivaren av restauranten i «Osroso paviljong»?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det har vore ein foreløpig samtale med Frank Bruarøy, men ingenting er avklara enno, opplyser Søviknes.

- Har ein vore i dialog med andre?

- Nei, det må ein sjå litt an. No gjaldt det å få inn innspel frå bransjen om kva som er naturleg å leggja inn i ein slik paviljong for å få det til å fungera som kafé og restaurant. Så får ein sjå om det kan koma noko meir ut av det, seier Søviknes