Hassan El Fakiri håpar på ein tent gjeng når dei møter Haugesund 2 til treningskamp laurdag.
Hassan El Fakiri håpar på ein tent gjeng når dei møter Haugesund 2 til treningskamp laurdag.

Håpar spelarane viser seg fram

- Om ein ønskjer å spela fast på A-laget, må ein visa seg fram. No byrjar alvoret, seier Hassan El Fakiri.

Årets første treningskamp enda med 3-4-tap for Brann 2. I morgon reiser ein solid Os-tropp til Veavåghallen på Karmøy for å møta Haugesund 2. Denne gongen er laget noko meir spissa.

- I oppgjeret mot Brann 2 stilte me nærast med to ulike lag i dei to omgangane. I morgon vil me nok spissa laget litt meir og halda grunnstammen på banen, seier trenar Hassan El Fakiri.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han håpar både dei etablerte og dei yngre spelarane er lystne på å visa seg fram.

- Det ser veldig bra ut på trening. Me har ein god og brei stall med mange gode spelarar. No håpar me folk tek steget og viser at dei kan gjera det bra i kamp, seier trenaren.

Fin treningsgruppe

Dagleg leiar i fotballgruppa til Os Turn, Endre Brenne, er sjølv sugen på visa seg fram.

- Eg fekk ikkje spelt sist helg, så eg kjennar det kriblar i beina. Sjølv om laget vert noko meir spissa enn sist helg, trur eg det er mange som får speletid mot Haugesund 2. I tillegg til dei som er faste i A-stallen tek me også med oss nokre Os 2-spelarar, seier Brenne.

Erik Kanestrøm, Thomas Hille og Ole Martin Kolskogen blir ikkje med til Karmøy.

- Erik er forhindra til å vera med, Hille er skadd og Ole Martin skal på cup med juniorlaget til Brann, som han hospiterer med, seier Brenne.

Neste treningskamp for Os A-lag vert laurdag 4. februar.