Noreg er i verdstoppen for tal brannar i forhold til befolkning. Hittil i år har 29 personar mista livet, og enno gjenstår fire av dei mest brannutsette vekene i året. (Illustrasjonsfoto)
Noreg er i verdstoppen for tal brannar i forhold til befolkning. Hittil i år har 29 personar mista livet, og enno gjenstår fire av dei mest brannutsette vekene i året. (Illustrasjonsfoto)

Har du sjekka røykvarslaren?

Tysdag 1. desember er røykvarslarens dag. Fleire tusen røykvarslarar i Hordaland er modne for utskifting.

- Sjekk batteriet og også om varslaren faktisk fungerer, seier kunderådgjevar Linn Furnes i Gjensidige.

Det er over 100 branntilløp i norske heimar kvar dag. Fleire av desse endar med tragedie. Ei undersøking frå Gjensidige viser at ni prosent av innbyggjarane i Hordaland sjølv har opplevd brann i elektriske hushaldningsapparat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Røykvarslar gjer at færre brannar endar tragisk. 10-20 liv er det anslått at vert redda av røykvarslarar kvart år.

Ubrukelege røykvarslarar

Er røykvarslaren meir enn 10 år må den bytast ut med ein ny. Bare i Hordaland reknar Gjensidige med at det er fleire tusen røykvarslarar som er modne for utskifting.

Desember er den månaden med flest bustadbrannar. Meir varme, fleire levande lys og fleire som fyrer med ved i omnen er nokre av årsakene.

- Det er derfor naturleg at 1. desember er valt som røykvarslarens dag, seier Furnes.

Ho legg til at det også er svært viktig at røykvarslaren blir montert riktig. Helst bør han henga midt i taket/høgaste punkt og minimum 40 centimeter frå vegg og ikkje "gøymast vekk" slik mange gjør.

Furnes tilrår også at det blir montert seriekopla røykvarslarar i større bustadeiningar og bustader over fleire plan.

Ta med borna

- Mange tenkjer at skader og brannar ikkje skjer hos ein sjølv, og trur brannvesenet skal koma og sløkka viss det går galt. Slik er det ikkje alltid. Ein må vera sin eigen brannsjef og førebyggja brannar gjennom brannvern og opplæring, seier kunderådgjevaren.

Ein fin aktivitet i desember kan vera å ta med heile familien (store og små) på leiting etter gode rømmingsvegar, sjekka røykvarslarar og at brannsløkkingsapparata virker.