Ei skisse Os kommune har utarbeidd syner eit oversiktsbilete av det nye Luranetunet.
Ei skisse Os kommune har utarbeidd syner eit oversiktsbilete av det nye Luranetunet.

Har fått ned totalprisen på nye Luranetunet

Eit firma med brei erfaring frå å byggja sjukeheimar og bustadprosjekt har vunne Luranetunet-kontrakten. Kommunestyret må godkjenna ein prisauke før bygginga kan ta til.

Os kommune har kåra Consto Bergen AS som vinnar av totalentreprisen for å byggja den store utvidinga av Luranetunet. Det inneber eit nybygg på tre som skal omkransa ein tropisk hage. Nybygget får 60 rom, og i tillegg skal det byggjast 37 nye bustader for demente.

- For oss betyr det veldig mykje å vinna ein slik kontrakt. Marknaden er tøff no, og å vinna i så hard konkurranse er ekstra viktig for oss, seier Arve Sande i Consto.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan sjukeheimar

Firmaet er relativt nytt i bergensregionen, der dei etablerte seg for tre år sidan. Samtidig har dei eit landsdekkjande konsern i ryggen - Consto AS/ Barlindhaug.

- Det er soliditiet og seriøsitet heile vegen, seier leiar for prosjektavdelinga i Os kommune, Tor Inge Døsen. Han opplyser at Consto har tilbydd å gjera jobben for 170,4 mill. kroner eks. mva, noko som var rimelegare enn konkurrentane.

- Har de bygt noko slikt før, Arve Sande?

- Ein tropehage er nytt. Men eg trur det skal bli veldig flott, med eit temperert klima, tropiske planter og glastak. Elles har me mykje kompetanse også kva gjeld sjukeheimar og omsorgsbustader, seier Sande.

Fyllingsdalen sjukeheim, Hauge sjukeheim på Osterøy og Kulentoppen sjukeheim i Sogn og Fjordane er blant prosjekta dei har vore involvert i. Elles har dei stått for eit av dei største byggjeprosjekta i Bergen på mange år - det nye Horisont kjøpesenter i Åsane. Inkludert bustadene øvst i kjøpesenteret er det 81.000 kvm stort.

- Kor mange mann vil de ha i sving oppe på Lurane? Vil de hyra lokale folk?

- På det meste vert me 50-60 mann. Sidan kontrakten med Os kommune ikkje endeleg er signert enno, har ikkje me hyrt inn underleverandørar. Men det er alltid kjekt å bruka lokal arbeidskraft, når dei er konkurransedyktige, seier Sande.

Redusert total prosjektkostnad

- Kva vil det kosta å byggja Luranetunet samanlagt, basert på dette tilbodet, Døsen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei 170 mill. kronene tilsvaraer 210 mill. kroner brutto (inkl. mva.). Den opphavlege ramma er på 230 mill. kroner. Men så kjem det ein del ekstra kostnader som ikkje entreprenøren påfører oss. Til dømes gjeld det diverse møblar og utstyr. Så den totale prosjektkostnaden vert på 270 mill. kroner inkl. moms. Me er altså avhengige av at kommunestyret løyver meir pengar for å kunna gå vidare med Consto sitt tilbod slik det no ligg føre, seier Døsen.

I eit formannskapsmøte i vår vart det varsla at total prosjektkostnad kunne koma på 286,5 mill. kroner, så dette er altså redusert kraftig. Samtidig finst det gode støtteordningar frå Husbanken til å byggja sjukeheimar. Meirverdiavgifta får ein dessutan tilbakebetalt frå staten. Lånebehovet kan dermed koma heilt ned i 66,3 mill. kroner.

- Dermed er det ikkje investeringskostnaden som er det avskrekkande ved dette prosjektet, men heller den auka driftskostnaden, seier Døsen.

Kommunalsjef for helse og omsorg, Nils-Petter Borge, har opplyst at det vil kosta 36 mill. kroner ekstra årleg å driva det utvida Luranetunet frå 2020 av.

Kommunestyret får saka på sitt bord 29. september. Consto Bergen vonar at dei kan setja spaden i jorda i oktober.