Aldona Petkeviciene er frå Kaunas i Litauen. No er ho ei av eldsjelene bak Litauisk forening i Os.
Aldona Petkeviciene er frå Kaunas i Litauen. No er ho ei av eldsjelene bak Litauisk forening i Os.

Har starta litauisk foreining i Os

I august vart Litauisk forening i Os skipa. - No leitar me etter eit møtelokale, fortel leiar Aldona Petkeviciene.

Petkeviciene budde to år i Bergen, før ho flytta til Os for tre år sidan. Saman med om lag 200 andre litauarar har ho funne seg til rette i Os, nærare bestemt på Lunde på Søre Neset. Til dagleg er ho reinhaldsvikar. Ektemannen Nerijus Petkevicius er mekanikar, for tida arbeidsledig.

- Det finst ein litauisk foreining i Bergen, men det kan bli litt langt med dei aktivitetane som me ser for oss, fortel Petkiviciene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Morsmålsundervisning

Det byrja som ei facebook-side. 28. august vart foreininga stifta på Oseana. 8. oktober fekk dei 6.000 kroner i stønad frå Os kommune.

- Me treng å møtast og kunna snakka om alt, fortel litauaren.

Det sosiale, heimlandets kultur og språk høyrer med. To viktige dagar er 16. februar og 11. mars, då Litauen fekk sjølvstende. Siste dato viser til då Litauen som første republikk gjekk ut av Sovjetunionen.

- Me håpar å få i stand morsmålsundervisning for borna på fritida, utanom dei to timane i veka dei får no. Det er mellom anna ein litauisk lærar på Søfteland skule, fortel Petkeviciene.

Ta vare på kulturen

Like viktig er norskundervisning for vaksne som treng det.

- Mange synest kurset kostar for mykje. Det er gjerne for mange elevar til at dei som melder seg på får utbyte av det. Kunnskapar om norsk språk er viktig i møte med arbeidslivet og det offentlege. Å fylla ut skjema med manglande språkkunnskapar kan vera svært vanskeleg.

Petkiciviene legg til at ho gjerne vil takka Glenn Erik Haugland for hjelp med søknaden til kommunen.

Som alle veit har mennesket både føter - og røter som må stellast fint med.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me vil feira litauiske høgtidsdagar og ta vare på kulturen vår, seier leiaren i foreininga.

Til no har medlemene møttest i mindre private lokale. Men med aukande medlemstal, har det blitt trongt etter kvart.

- Om nokon veit om eit lokale me kan få bruka, er det berre å ta kontakt, avsluttar Aldona Petkeviciene.