Ifølgje forskar Sigbjørn Grønås kan havet stiga så mykje som med seks til ni meter dersom me ikkje gjer noko radikalt med klimapolitikken.
Ifølgje forskar Sigbjørn Grønås kan havet stiga så mykje som med seks til ni meter dersom me ikkje gjer noko radikalt med klimapolitikken.

Havet vil stiga

Takk til Gerd Andersen som i denne avisa etterlyser ein klimadebatt. Menneskeskapte klimaendringar er den største utfordringa menneska har. Verda er i ferd med å leggja alvorlege problem over på våre barn og barnebarn.

Vi veit korleis klimaendringane kan stabiliserast, men manglar vilje til å setja inn nødvendige tiltak. Vi held oss heller til småtteri med liten effekt. Eg blar etter klimastoff i aviser eg tingar på, men finn lite. Store aviser som Bergens Tidende burde ha noko kvar dag. Største ansvaret har myndigheitene, dei pratar mykje, men gjer lite.

Artikkelen held fram under annonsen.

Siste året auka utsleppa i landet vårt. Det verkar som om regjeringa gjev signal om at Noreg alltid kan kjøpa seg fri frå sitt klimaansvar. På eit vis fortel dei oss at klimaendringane treng vi ikkje bry oss så mykje om. Dette kan eg skrive meir om ein annan gong. Landet må få seg planar om å fasa ut bruk av fossil drivstoff fram til 2050, og vi enkeltmenneske må endra vår livsstil.

Drivhuseffekten aukar

Eg er meteorolog og prøver å forklara korleis bruk av fossilt drivstoff aukar drivhuseffekten og varmar opp jorda. Heile tida strålar det meir varme inn på jorda enn det strålar ut. Mesteparten av denne varmen går med til å varma opp havet og til å smelta snø og is.

Havet stig og vil stiga i mange hundre år. Kor fort det går og kor mykje det blir, veit vi ikkje heilt. Men med dagens aukande utslepp kan vi venta ein auke på minst 6 til 9 meter.

Når det gjeld kva som skal til for å stabilisere klimaendringane til to grader globalt og dempa havstigninga, må verda innan 2050 slutta å vinne ut og bruka kol, olje og gass. Dette er sikker kunnskap, men eit vanskeleg bodskap for eit land som lever i stor velstand ved å produsera petroleum.

I verda over går det no eit opprop: Lat fossilt drivstoff liggja urørt. For å kunna stabilisere klimaendringane, må også Norge fram mot 2050 avvikla petroleumsverksemda.

Kan mista byer

Havnivået vil altså auke minst 6 til 9 meter dersom vi ikkje klarer å slutte å bruka fossilt drivstoff innan kort tid. Då vil vi miste alle kystbyar, inkludert dei fleste av dei største byane i verda.

James Hansen, som truleg er verdens fremste klimaforskar, har meiningar om når dette kan skje og skriv: «Stor heving av havet vil truleg ikkje starta dei første tiåra, men denne seine responsen kan likevel representera ein alvorleg fare for dagens unge folk. Det er mogleg vi passerer eit punkt kor det er for seint å snu, då det blir umulig å hindra stor smelting av inlandsisen i Antarktis og tap av kystbyar. Økonomisk krise og eit stort tal på flyktningar kan då gjera verda umuleg å styre.»

Vi må byggja ut tilstrekkeleg med fornybar energi. Fossilt drivstoff er i dag den billegaste, derfor blir den brukt. For å fasa ut bruken, må det leggjast ein aukande CO2-avgift på desse drivstoffa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Økonomane må med

I store delar av verda blir etter kvart solenergien den billegaste. Det går ein kampanje verda over for å slutta å investere i fossilt drivstoff. Vi må sørgja for at landet vårt brukar pengane meir smart enn å støtta petroleumsverksemda.

Dette var min appell om klimaendringane med vekt med på havnivået. Eg tek også med ein kjepphest om at økonomane må meir med i klimaarbeidet. Her fins det ei banebrytande bok av Naomi Klein - This changes everything frå 2014. Alle økonomar bør lese boka (og ho må bli pensum på NHH). Klimakrisa handlar ikkje om karbon, skriv ho, det handlar om kapitalisme. Den gode nyheita, meiner ho, er at vi kan ta tak i klimakrisa ved å transformere vårt økonomiske system til eit som er radikalt betre. Dette treng vi meir kunnskap om.

Kvar gong eg høyrer økonomar og politikarar uttaler seg om framtidas økonomi, vil eg så gjerne også høyra om korleis det går med klimaendringane. Økonomar som forstår klimakrisa trur eg lettare enn andre forskarar kan visa politikarene kva dei må gjera.

Sigbjørn Grønås, prof. em. meteorologi, Universitetet i Bergen