Mange sluttar i arbeid etter fylte 62. Samstundes startar ein ny kvardag. Kanskje er den full av andre utfordringar. Eller den er tom for aktivitet og trivsel, skriv Laila Reiertsen.
Mange sluttar i arbeid etter fylte 62. Samstundes startar ein ny kvardag. Kanskje er den full av andre utfordringar. Eller den er tom for aktivitet og trivsel, skriv Laila Reiertsen.

Helsestasjon for eldre

Open helsestasjon for eldre over 62 bør prioriterast. Det å ha friske eldre er samfunnsøkonomisk viktig.

Os kommune har i mange år satsa mykje på eldreomsorga, og det skal me halda fram med. Med tilsetjinga av tryggleikssjukepleiar for ei tid attende tok me eit viktig steg i førebygging av god eldreomsorg. Med heimebesøk for dei over 75 år vert mykje førebygging sett på dagsorden. Trygg i Os er eit godt døme på eit viktig eldretiltak. Men me kan ikkje stoppa her.

Mange eldre er spreke og i god form. Mange har store ressursar som kan nyttast til å hjelpa andre eller til å syta for god livskvalitet for seg og sine. Innan førebygging er helsestasjonen ein viktig plass for familiar og ungdom. Eldre burde også ha fått eit slikt tilbod. Open helsestasjon for eldre over 62 bør prioriterast. Mange sluttar i arbeid etter fylte 62. Samstundes startar ein ny kvardag. Kanskje er den full av andre utfordringar. Eller den er tom for aktivitet og trivsel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det å ha friske eldre er samfunnsøkonomisk viktig. Vi ønskjer at flest mogeleg kan bu heime lengst mogeleg. Difor må ein ha tiltak som er med på å styrkja dette.

Det å kunna samla ulike tenester på ein plass nær brukaren er viktig. Det å ha fokus på helsesamtale, velferdsteknologi og bustadrettleiing samt kartlegging av eigne ressursar, er viktig i så måte. Temadagar der ein også har fokus på hjelpemiddel, diagnosar og livsmeistring bør få større fokus.

Mange er på veg ut av eigen bustad og tenkjer seg ei anna buform. Her kan ein bidra med informasjon om teknologi og praktiske hjelpemiddel som ein eventuelt treng. Helsestasjonen kan også vera tilgjengeleg med visning av dei ulike hjelpemidla som finst og framvising av desse. Ikkje minst kan ein få rettleiing om korleis ein kan skaffa hjelpemiddel og vidare oppfølging i heimen.

Det å læra seg bruk av nettet er eit anna område som fleire eldre må få ta del i. Kommunen må sjå på dette som nødvendig datahjelp på lik linje som nødvendig helsehjelp. For me lever i et digitalt samfunn der alle må og bør vera inkluderte. Samstundes bør ein informera om mogelegheita for å vera ein frivillig aktør i lokalsamfunnet. Mange eldre kan bidra, men dei må få spørsmålet, for ikkje alle tar initiativ til dette sjølve. Å vera ein frivillig aktør er gull verdt for vidare utvikling av kommunen på alle område.

Eg veit at helsestasjonen ikkje har kapasitet til ønskelista mi i dag. Men det er viktig å fremja slike tankar, som vonleg kan føra til handling. Og ja, vi treng eit familiesenter, der det òg er plass til helsestasjon for eldre.

Laila Reiertsen

Os Frp