Tove Tvedt Skarstein er tredje generasjon i bedrifta. Ho synest «det er frykteleg trist at det ikkje skal vera rom for frittståande butikkar i samfunnet vårt».
Tove Tvedt Skarstein er tredje generasjon i bedrifta. Ho synest «det er frykteleg trist at det ikkje skal vera rom for frittståande butikkar i samfunnet vårt».

Hjartesukk til osingane

- Det er osingane sjølv som vel kva dei ønskjer av butikkar, kafear og restaurantar i bygda, seier Tove Tvedt Skarstein.

Tove Tvedt Skarstein har funne på mykje for å prøva å auka handelen i Os sentrum, så mykje at ho føler seg litt brukt opp i den samanheng. No må ho sjølv avvikla to butikkar grunna sviktande inntekt. Utviklinga har gått over tid, men det er særleg dei siste åra ho har fått kjenna på det. Ho trur ikkje osingane flest tenkjer seg om før dei trykkjer send for å tinga varer online frå Zalando, eller kjøper ein ostehøvel i ein daglegvarebutikk.

- Det er osingane som sit med makta, og kan gjera ein forskjell om dei ønskjer at fagbutikkane skal kunna halda ope. De har ein utruleg viktig rolle, meir enn de er klare over, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hengjer seg opp i opningstid og pris

Tove seier at det er mange som meiner at det er så mykje dyrare å handla lokalt samanlikna med andre. Det er ikkje tilfelle, meiner ho. Ho har også lagt merke til at folk hengjer seg opp i opningstidene.

- Men om det er nokon som har opphøyrssal, då høyrer vi aldri at opningstidene er eit tema.

Dei to butikkane, jernvaren og leiker/hobby-avdelinga, har dei siste åra gått med underskot. Heldigvis har klesbutikken Madam Ane gått såpass godt at butikken halda liv i dei to andre butikkane. Men slik kan ein ikkje halda på i lengda.

- Det er for seint å kunna påverka desse butikkane, men eg seier det berre til ettertanke for osingane. Det er de sjølv som må bestemma kva butikkar de ønskjer å ha.