Hjelper Bergen brannvesen

Mannskap frå Os brannvesen er sendt med båt til ein hyttebrann i Austrevågen i Fana.

For om lag ein time sidan meldte 110-sentralen i Hordaland at ei hytte i Austrevågen i Fana stod i full fyr.

Kort tid etter kom det melding om at brannvesenet måtte få hjelp frå mannskap frå Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brannvesen arbeider no med å hindra at brannen spreier seg.

Dei store nedbørsmengdene torsdag ettermiddag har ført til mange oppdrag for politi og brannvesen.

Eit jordras stengjer Krokeidevegen i Fana, og ferjetrafikken vert omdirigert til Halhjem.