Fredrik og Ole Marius Røttingen i Propyro må dessverre utsette fyrverkeriet til i morgon fredag. Årsaka er at det er altfor mykje vind.
Fredrik og Ole Marius Røttingen i Propyro må dessverre utsette fyrverkeriet til i morgon fredag. Årsaka er at det er altfor mykje vind.

Hovudfyrverkeriet på Steinneset er utsett til 1. nyttårsdag

Nei, det er ikkje ein for tidleg 1. april-spøk. Os kommune sitt fyrverkeri på Steinneset er utsett til i morgon grunna for dårleg vêr.

- Dette er sjølvsagt veldig kjedeleg, men me må la tryggleik gå framfor prestisje. Eg ville heller ikkje hatt ein god kjensle av å skyta opp det som måtte blitt eit dårleg fyrverkeri grunna for mykje vind, seier Ole Marius Røttingen i Propyro.

Han håpar no at folk heller ser at 1. nyttårsdag kan bli ein fin kveld å få med seg fyrverkeriet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er meldt langt betre vêr i morgon. Slik det er no ville publikum blitt kliss våte. Då eg var nede på moloen og sjekka klokka 16.00 i dag stod sjøsprøyten over molen og inn på parkeringsplassen, seier Røttingen.

Han tenker det kanskje kan bli eit meir barnevennleg fyrverker på fredag.

- Då startar me klokka 20 i staden for klokka 24. Det vil jo gjera sitt til at også det yngre publikum kan få det med seg.

Synd, men lurt

Også ordførar Terje Søviknes beklagar for alle som hadde gledd seg til fyrverkeriet i kveld.

- Det var leit, men me vil ikkje gå på akkord med tryggleiken. Dessutan hadde det truleg ikkje blitt nokon hyggjeleg oppleving å stå på kaien der i kveld. Slik eg har fått det fortalt er det meldt om vind opp mot 11 meter i sekunde. Det er mykje.

Han ønskjer alle osingane ein fin kveld, og håpar å sjå så mange som mogleg i morgon i staden.