6.792 kvm med næringslokale i Irisfabrikken (dei tre nedste etasjane) ligg ute for sal.
6.792 kvm med næringslokale i Irisfabrikken (dei tre nedste etasjane) ligg ute for sal.

Interesse kring Irisgården

I starten av september blei næringsseksjonen av Irisgården lagt ut for sal. Styreformann Jim Kaland fortel at det er interessentar i biletet.

- Nøyaktig kor mange, og kven det er snakk om, ønskjer eg ikkje å seia noko om. Men det er interessentar, seier Kaland.

Vil ikkje påverka leigetakarar

Det er dei tre nedste etasjane som ligg for sal. Bustadseksjonen i fjerdeetasje er seksjonert ut. Kaland fortel at prosessen kring salet har pågått ei stund, men det blei først lagt ut på Finn i starten av september.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit sal vil ikkje påverka leigetakarane i bygget (politiet, Jysk og Vinmonopolet mfl.).

- Kjøparar overtek selskapet med dei forpliktingar og avtalar som er inngått med dei. Det medfører altså inga endring.