I samarbeid med Lions-klubben og sosialetaten i Marijampole fekk femti heimar besøk i år, med overrekking av gåver, mat og pengar.
I samarbeid med Lions-klubben og sosialetaten i Marijampole fekk femti heimar besøk i år, med overrekking av gåver, mat og pengar.

Julekaravane til glede for dei som har det vanskeleg

Lions Fusa er ein av fleire Lions-klubbar i Hordaland som også i år har gled vanskelegstilte familiar i Litauen med julekaravane.

Dette er fjerde året Lions sender ein "julekaravane" til Marijampole i Litauen. I år var det også med medlemmer frå Lions i Rogaland. Reisefølgjet hadde i tillegg med seg ungdomar som har møtt ungdomar i Marijampole. Dette er å sjå på som ei ungdomsutveksling.

Målet med ein julekaravane er å skapa glede til vanskelegstilte born og familiar. Dette er gjort gjennom å gje klede, sko og leikar til borna, samt mat klede og pengar til vanskelegstilte familiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I samarbeid med Lions-klubben og sosialetaten i Marijampole fekk femti heimar besøk i år, med overrekking av gåver, mat og pengar.

Lions er også engasjert i ulike prosjekt i Litauen. Eitt av dei er drifta av Generation home - ein heim der born og eldre bur saman i eit fellesskap. Borna er henta ut frå familiar som er sterkt ramma av rus. Denne ordninga blir administrert av sosialkontoret i Marjiampole.

Eit anna prosjekt er ei kraftig opprusting av eit eige bygg der gateborn får høve til å læra å laga mat, om hygiene samt skulefritidsordning. Samarbeidet med Lions Club i Marijampole gjer at dette let seg gjera.

Lions er også engasjert i oppfølging av ein skule for m.a. fysisk/psykisk utviklingshemma samt evneretarderte born.

I år var Lions også på torget i Marijampole og delte ut mat til dei som har lite mat til dagleg.

Ei barneforestilling på teateret i byen med pakkeutdeling var også eit kjærkome avbrekk for desse borna.

Vi kan snakka om det, men å reisa og sjå, det er då vi veit kva vi snakkar om. Vi kan trekkja på skuldrene og seia "det hjelper då ikkje". Men kanskje ein heller skulle lytta til Halldis Moren Vesås sine ord: "Det hjelper då litt, nokre få forkomne, at du er varm."

Takk til dei som var med på julekaravanen - som bidrog til at nokre forkomne fekk ei varm og betre jul.

Artikkelen held fram under annonsen.

Einar Martinsen

Lions Club Fusa