Juleturn i Oshallen

Os Turns tradisjonelle juleavslutning fekk som alltid osingane til å gå mann av huse.

Det var smikkfullt på tribunen i Oshallen søndag ettermiddag då små og store fekk visa fram sine kunstar for familie og vener. Her var både turnjenter og turngutar, veteranturnarar og cheerleadarar. Trenarane fekk velfortente blomar for all tid dei har lagt ned i frivillig innsats denne hausten, og utøvarane sjølv fekk velfortent applaus for høge hopp og grasiøs gymnastikk.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

(Begge videoar: Agnes Bjarnedatter Vangsnes)