Er det nokon som kjenner denne skulestova?
Er det nokon som kjenner denne skulestova?

Kan du hjelpa?

I Fusa har det dukka opp ein kulturskatt med foto på gamle glasplater etter bygdefotografen Einar Sundvor (1899-1963). Sundag 28. august vert delar av materialet synt på ei utstilling på kystsogedagen på Engevik gaard.

- Det som dukkar fram av glasplatene er av overraskande god teknisk kvalitet. Sjølv om kopiar av desse bileta ligg kringom i skuffene i dei tusen heimar, får ein med glasplatene tilgang til originalane og kan laga nye doggfriske kopiar og formidla bileta digitalt med høg kvalitet, fortel Erik Vangsnes ved kulturkontoret i Fusa.

Til no har Fusa kommune digitalisert 600 gamle foto frå glasplater.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Johanna Ljones her ved kulturkontoret har ansvaret for å registrera bileta i ein eigen database. Deler av materialet er alt tilgjengeleg for publikum på internett, opplyser Vangsnes.

Unik portrettserie

Kulturleiaren fortel at Einar Sundvor fotograferte i mange samanhengar. Det er høgtider som bryllaup og konfirmasjon, familiebilete, naturmotiv, båtar, tun og landskap. I samlinga er det også foto som er så gamle at det må ha vore ein annan fotograf enn Einar.

- Det er i tillegg ein unik portrettserie som truleg er teken under 2. verdskrigen i samband med at folk måtte ha identitetskort.

To gutar fotografert ved kyrkja på Sundvor.
To gutar fotografert ved kyrkja på Sundvor.
Er det nokon som kjenner denne familien?
Er det nokon som kjenner denne familien?

Av det ein har fått identifisert så langt, ser ein at mykje er i frå Lygrepollen og grendene ikring, både i Fusa, Kvinnherad, Kvam og Tysnes.

Einar var gift med Dina Sundvor (1896-1977) som kom frå Nymark på Tysnes.

- Det er eit omfattande arbeid å finna ut kven som er på bileta og kvar bileta er tekne, konstaterer Vangsnes.

No vil kulturkontoret og Johanna Ljones gjerne ha hjelp frå publikum.

I utstillinga på kystsogedagen 28. august vil det vera papirkopiar av alle bileta i samlinga, og kommunen håper mange denne dagen kan hjelpa til med detektivarbeidet.