Bebuarane i husa på kanten av stupet bak Kiwi har vore evakuerte fleire dagar medan dei venta på svar frå geolog om det er trygt å opphalda seg i husa. Fredag fekk dei flytta heim att.
Bebuarane i husa på kanten av stupet bak Kiwi har vore evakuerte fleire dagar medan dei venta på svar frå geolog om det er trygt å opphalda seg i husa. Fredag fekk dei flytta heim att.

Kiwi-naboar vart evakuerte

Naboane bak Kiwi på Haugsneset vart evakuerte under stormen Tor.

- Dette var eit initiativ vi tok på grunn av dei nedbørsmengdene som var meldt då, fortel Renate Nyland Halstensen hos byggjesaksavdelinga i Os kommune.

Bakgrunnen var byggjearbeidet som pågår på Kiwi-tomta. Kommunen tok i den samanheng kontakt med entreprenør Leigland Bygg og uttrykte bekymring for husa som står på toppen av skråninga bak tomta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Henta inn geolog

Først vart alle dei fem som bur i einebustaden Haugsneset 3 evakuerte og innkvarterte på Solstrand Hotel & Bad midt under stormen førre fredag.

- Så vart vi evakuerte igjen på onsdag denne veka, og no har vi nettopp kome heim, fortel Fredrik Winsents (18) i 12-tida fredag.

Denne veka har også bebuarane i Haugsneset 6 vorte evakuerte. Dei var ikkje heime første gongen kommunen oppmoda utbyggjar til å sørgja for evakuering av husa like bak anleggstomta.

Fredrik Winsents bur i eit av husa bak anleggstomta på Haugsneset og har opplevd å bli evakuert to gonger i løpet av siste veka.
Fredrik Winsents bur i eit av husa bak anleggstomta på Haugsneset og har opplevd å bli evakuert to gonger i løpet av siste veka.

- Vi hadde vår eigen geolog til å sjå på forholda. Han fastslo at husa burde evakuerast inntil utbyggjars geolog hadde vurdert at husa stod trygt, forklarer Halstensen.

- Skremmande

Winsents vart evakuert saman med mor, far, søster og bestemor. Katten fekk ikkje bli med til Solstrand.

- Vi håpte jo verkeleg at alt gjekk bra med han.

Winsents opplevde det som temmeleg skummelt å bli evakuert.

- Særleg første gongen. Då kom det brått på. Eg og mor mi stod og snakka om noko på rommet mitt og plutseleg ropte dei at no måtte vi koma oss ut av huset. Då var det berre å springa for å pakka saman det vi trong og kasta oss i bilen, fortel Winsents.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heime att

Neste dag fekk dei beskjed om at dei kunne flytta heim att. Med atterhald om at dei kanskje måtte evakuerast på ny, dersom det vart storm igjen.

- Måndagen blåste og regna det enormt, men då vart vi ikkje evakuerte. Men det var ingen av oss som sov noko særleg den natta.

Onsdag denne veka vart dei så evakuerte igjen, denne gongen inntil geolog hadde vurdert situasjonen. Det skjedde torsdag.

- Vår geolog har sett på saka og han seier det ikkje er nødvendig å evakuera husa, seier Sondre Romundset hos Leigland bygg som er byggherre for nye Kiwi på Haugsneset.

Winsents er glad dei har fått koma heim att no.

- Vi vil jo helst vera heime, så om det ikkje er nødvendig, har vi ikkje lyst å sitja på eit rom på Solstrand.