16. juni inviterte Ivar Hellebø og Fusa næringslivslag til vegmøte om E134. (Arkivfoto)
16. juni inviterte Ivar Hellebø og Fusa næringslivslag til vegmøte om E134. (Arkivfoto)

Kjempar for E134

Fusa næringslivslag ønskjer å visa engasjement i saka om ny aust-vest forbindelse, E134 og ein eventuell hordalandsdiagonal. Tysdag 16. juni inviterte næringslivslaget til vegmøte.

- Det er no toget går. Det er no vi må visa interesse og engasjement, og gjera vårt for at Hordalandsdiagonalen vert ein del av utbetringane på E134, seier leiar i Fusa næringslivslag Ivar Hellebø og legg til:

- Det er Hordaland det dreier seg om, ikkje Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

På møtet deltok mellom andre dagleig leiar i Hordalandsdiagonalen AS, Arnfinn Førsund, og fylkesleiar i Norges Lastebileierforbund, Jan Ove Halsøy.

Bodskapen frå lastebileigarforbundet er klar: E134 er éin av to hovudtraséar ein ønskjer at skal verta oppgradert.

- Når lastebileigarforbundet går ut og tilrår denne løysinga, synest eg at vi bør følgja det opp, seier Hellebø.

God kost-nytte-effekt

Rune Samnøy er medlem av vegnemnda i Fusa næringslivslag. Han fortel at hovudårsaka til at næringslivslaget inviterte til møte om E134, er at laget ønskjer å skapa meir blest om saka.

- Håpet er at regjeringa skal velja E134 som éin av hovudtraséane mellom Aust- og Vestlandet. Alternativet har ein veldig god kost-nytte-effekt for samfunnet, understrekar Samnøy.

Vidare påpeikar Sanmøy at ein arm frå Haugesund til Bergen, den såkalla Hordalandsdiagonalen, vil auka kost-nytte-effekten (samfunnsøkonomisk lønsemd), ikkje berre for Fusa, men for heile Vestlandet.

- Dette har vore veldig lite belyst i andre fora, meiner han.

Kva er status i dag, og kor går vegen vidare? var eitt av spørsmåla som vart stilte i møtet. I tillegg til Førsund og Halsøy, deltok Kjell Kvåle frå Statens vegvesen si avdeling i Leikanger. Han har vore sekretær i aust-vest-utgreiinga. Det same gjorde Atle Kvåle frå samferdsleutvalet i Hordaland fylkeskommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I samband med høyringa peika både samferdsleutvalet og fylkesutvalet på E134 over Haukeli som hovudalternativet mellom aust og vest, fortel Kvåle.

Tverrpolitisk semje

For å få til ei brei, tverrpolitisk innstilling, peika utvala også på eit nordleg alternativ langs RV7 over Hardangervidda. Dette vart spelt inn som eit alternativ til RV52 over Hemsedal.

- Det er viktig å signalisera at det ikkje er berre Oslo og Bergen det handlar om, men Austlandet og Vestlandet. Difor landa vi på eit sørleg (E134) og eit nordleg alternativ (RV7), seier Kvåle.

Samferdslepolitikaren understrekar at for å få full effekt av aust-vest-utbetringane, må det satsast på E39 og E16 også.

Når det gjeld Hordalandsdiagonalen, har samferdsleutvalet peika på at det er ønskjeleg med ein arm frå Odda til Bergen.

- Vi har ikkje gått meir i detalj i det spørsmålet der. Det er opp til Statens vegvesen å vurdera kva alternativ som er det beste, men den mest realistiske løysinga er truleg via Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen og over til Ljones i Kvam, seier Kvåle.

Mellom 50 og 60 personar deltok på vegmøtet i regi av Fusa næringslivslag.