Joachim Dalland, Rune Birkeland, Jørn Ove Birkeland og Camilla Brekke Dalland.
Joachim Dalland, Rune Birkeland, Jørn Ove Birkeland og Camilla Brekke Dalland.

Kjempar om gjeve titlar

Lysefjorden Mikrobryggeris øl, Slaget på Vågen, fell i smak hos mat- og ølentusiastar. Ølet har nådd finalen i Det Norske Måltid, og kan i tillegg vinna prisen Årets Øl 2015.

- Kva kan eg seia. Det er nesten uverkeleg. Det vesle firmaet som starta på kjøkkenet i Lysefjorden for eit par år siden, veks så utruleg fort. Dette er ein draum for ein kvar mikrobryggar, seier Camilla Brekke Dalland i Lysefjorden Mikrobryggeri.

Skryt frå Hordalands matattaché

På Bergen Ølfestival sist helg fekk Lysefjorden Mikrobryggeri mykje merksemd, så mykje at det gjekk dei hus forbi at dei hadde nådd finalen i Det Norske Måltid, i kategorien Årets tradisjonsøl.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me sette salsrekord på bongar på festivalen, og var så opptatt bak disken, at kåringa gjekk oss hus forbi. Då me fekk vite at me hadde nådd finalen, kom det ein enormt jubelbrøl, før me måtte jobba vidare, seier Brekke Dalland.

Festivalleiar for Bergen Matfest, og matattaché i Hordaland, Gunnar Nagell Dahl, skryt av lysefjordingane.

- Det er gjeve prisar dei tevlar om. Innan miljøet er dette stort. Det var over 20.000 publikumarar innom Bergen Ølfestival. Lysefjorden Mikrobryggeri var det bestseljande bryggeriet. Berre det er veldig stort, seier Nagell Dahl.

Her er dei fem finalistane i Årets Øl 2015.
Her er dei fem finalistane i Årets Øl 2015.

Godt øl krev god kunnskap

Nagell Dahl fortell at dei lokale bryggarane er høgt rangerte på nettstader kor "ølnerdar" og ølkjennarar vurderer øl.

- Det er ikkje berre berre å laga øl. Det krev både reinslegheit og kunnskap, seier han og legg til:

- Dei siste åra har det blomstra med lokale og små bryggeri. For eit par år sidan var talet 50-60, no er det kring 170 ulike bryggeri. Kvaliteten på det som vert levert har også auka monaleg, grunna kunnskapsnivået og interessa for øl.

Gode vinnarsjansar

- Kva tenkjer du om vinnarsjansane for Lysefjorden Mikrobryggeri i konkurransane?

- I Årets øl 2015 skal dei blant anna tevla mot eit at Noregs største, Hansa Borg. Det er tøft, men dommarane er nøytrale. Eg har smakt ølet, og meiner dei har god sjans til å vinna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er på Vestlandet at miljøet for mikrobryggeri er størst, og konkurransen er hardast. At Lysefjorden Mikrobryggeri alt har vunne delfinalen for Hordaland, gjer at dei ligg godt an før finalen.

- Ein skal ikkje førehandsdøma, men dei skal møta Årets øl frå Østlandet og Trondheim, der miljøet ikkje er så stort. Dei har gode sjansar også her, seier Nagell Dahl.

Inviterer til pors-plukking

Då Lysefjorden Mikrobryggeri starta opp i september 2013 brygga dei 600 liter i månaden. I løpet av hausten og vinteren, skal dei auka produksjonen frå 10.000 til 20.000 liter i månaden. Grunna merksemda, og dei gode tilbakemeldingane Slaget på Vågen har fått, hastar det litt å få plukka pors, som er urta som vert brukt i ølet.

- Me såg føre oss at me trengte 10 kilo med pors, men det var før me nådde dei to finalane. Me har fått mange ekstra bestillingar dei siste dagane, seier Brekke Dalland.

Difor inviterer dei til pors-plukking på Ulven måndag.

- Alle som vil kan vera med. Ordførar Terje Søviknes er blitt spurt, og takka ja på flekken. Torstein Hatlevik frå Haaheim Gard kjem med luren sin under armen og vil halda ei innleiing om "det gode liv med mat og drikk", med litt humor attåt. Me tek med oss grill, og ønskjer å treffa publikum for å snakka om øl og mat. Me treng all hjelp me kan få, slik at me ikkje går tom i vinter. Slike kortreiste ingrediensar har me fleire planar om framover både i øl- og mat-verda, seier ho.

Det Norske Måltid er ei kåring av dei beste matprodukta i Noreg, og er rekna for å vera landets viktigste og mest prestisjefylte prisutdeling. Kåringa starta i 2008, og målet er å visa fram breidda i landets matproduksjon, og dei unike råvarane som blir produsert landet rundt.

Første juryrunde vart gjennomført på Gastronomisk Institutt i Stavanger i veke 34 og 35. Første delfinale gjekk av stabelen på Bergen Matfestival 5. september, der Lysefjorden Mikrobryggeri kvalifiserte seg for finalen med ølet Slaget på Vågen, i kategorien Årets tradisjonsøl.

Det står att to delfinaler (Oslo 12. september og Trondheim 17. september) før finalen 8. januar 2016 på Clarion Hotel Energy i Stavanger.

Årets Øl 2015

Slaget på Vågen er eit av fem øl som er i finalen i Årets Øl, som vert kåra på Matstreif i Oslo 12. september.

På Ølakademiets heimeside kan ein lesa om finalistane. Dette vert sagt om Lysefjorden Mikrobryggeri og finalist-ølet, Slaget på Vågen:

- Lysefjorden Mikrobryggeri er veldig typisk for dagens norske bryggeriverd ved at det starta som eit bryggerlag av venar som valte å satsa profesjonelt. Dette smaksintense krydderølet med innslag av røyk er eit av deira første som når utanfor lokalmiljøet, og ideen er henta frå den dramatiske hendinga i Bergen hamn (Vågen) for 350 år sidan. Brennande nederlandske handelsskip fylt opp med krydder har gjeve inspirasjon til oppskrifta.