Det blir lesing frå A til Å i Griegsamlinga laurdag.
Det blir lesing frå A til Å i Griegsamlinga laurdag.

Klar for lesestafett

I morgon er det klart for lesestafett i Oseana. Deltakarane er frå 18 til 72 år.

Boka som skal lesast er «En mann ved navn Ove» av Fredrik Backmann. Dette er boka som har gjeve opphavet til framsyninga som går seinare på dagen i Oseana, der Svein Nordin spelar Ove.

- Eg trur aldri det har vore arrangert lesestafett i Os tidlegare. Me er spente og gler oss til å koma i gang, seier arrangements- og marknadskoordinator i Oseana, Janne Mari Hjelle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren skal lesa

Blant dei som skal lesa er ordførar Marie Bruarøy.

- Me har fått låna gode sitjeplassar av Sælen møbler og skal laga ein fin stovekrok, seier Hjelle.

Leiar i kultureininga, Lisbeth Axelsen, opnar ballet, deretter vert det lesing for alle penga.

- Biblioteket er med, tre-fire her frå Oseana. I tillegg har mange osingar og bergensarar fatta interesse for å melda seg på. Nokon har til og med meldt at dei tek med seg strikketyet sitt, humrar Hjelle.