Venstre og leiar Sveinung Stensletten tek til orde for sertifisering av Os kommune som Miljøfyrtårn - den mest brukte sertifiseringa i Norge innan området.
Venstre og leiar Sveinung Stensletten tek til orde for sertifisering av Os kommune som Miljøfyrtårn - den mest brukte sertifiseringa i Norge innan området.

Klima og miljøansvar - Os inspirerer som miljøfyrtårn!

Os Venstre vil at kommunen også skal inspirera på klima og miljøområdet. Best i Hordaland innan 2020 kan kanskje vera eit mål?

Besteforeldrenes klimaaksjon arrangerte eit svært interessant og lærerikt møte i Kløvertun tidlegare i haust. Diverre hadde ikkje dei tre største politiske partia i Os høve til å senda ein einaste representant verken på møtet eller til paneldebatten som avslutta møtet.

Administrasjonen i kommunen var representert og orienterte om alle tiltak som er utført og som pågår. Det vart også orientert om at kommunen sin Klima- og energiplan skal rullerast i 2017. Eitt av hovudtiltaka i den planen som no gjeld (vedtatt i 2012), er «Klimadugnad i Os kommune - Utvikling av haldningar, kunnskap og dugleikar hos osingane knytt til klima og energibruk».

Artikkelen held fram under annonsen.

Av orienteringa gjekk det fram at sjølv om det i kommunen vert gjort mykje bra innan området, er det ikkje ei systematisk måling av kva ein oppnår. I samband med rullering av den gjeldande planen er det viktig at ein ikkje berre lagar ein plan med konkret mål og tiltak. Skal måla nåast må ein jamleg måla kva ein har oppnådd. Dette kan ein, slik Os Venstre ser det, gjera ved å ta miljø og klima inn i årshjulet til kommunen og få det inn på "målekorta" som rådmannen har sett opp forslag til i budsjettframlegget sitt.

Os Venstre vil at kommunen også skal inspirera på klima og miljøområdet. Best i Hordaland innan 2020 kan kanskje vera eit mål?

Ein god start på dette kan vera å setja igang arbeid mot sertifisering som Miljøfyrtårn - den mest brukte sertifiseringa i Norge innan området. I samband med budsjetthandsaminga fremjar me derfor forslag om auka midlar til planarbeid slik at dette arbeidet kan gjennomførast i 2017.

Sveinung Stensletten

Leiar

Os Venstre