Klimadebatten - svar til Sigbjørn Grønås

Vi blir indoktrinerte dag etter dag, år etter år av "nikkedukker" som fylgjer direktiva til dei som styrer denne planeten.

Takk for svar på mitt innlegg frå 2. juli 2016. Du skriv: "Så godt som alle klimaforskarar(mellom 90% og 100%) er einige om at klimaendringane går mot global oppvarming, og at mennesket er hovedansvarleg". Dette er rett og slett usant. Eg trur ikkje du trur du skriv usant, men du er feilinformert, saman med fleirtalet av folket på denne planeten.

Club of Rome

La oss gå tilbake i tid. Eg dokumenterte i mitt første innlegg at vi ikkje kan stola på FN. Eg vil utdjupa dette. "The Club of Rome" er ein organisasjon, der bl.a. Gro Harlem Bruntland og Al Gore er medlemmer. Club of Rome vart stifta i 1968, og hadde sitt utspring frå "The Round Table", ein av dei mest korrupte organisasjonar på denne jordkloden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Club of Rome hadde menneskeskapt oppvarming på agendaen så tidlig som i 1968. I 1991 kom dei med følgjande utsagn: "Vi må ha ein felles fiende som vi må kunna slåst mot. Folket må overtydast om at det er mennesket sjølv som er årsak til global oppvarming, miljøforureining, og mangel på mat og vatn".

Dei som klekka ut denne planen, rekna med at dei trong over ein generasjon for å få nok unge menneske til å tru på denne nye religionen. Den nye religionen skulle bl.a. bli brukt av FNs agenda om global makt og skapa grunnlag for ein verdsomfattande skattleggjing av CO2-utslepp.

"Kjøpt og betalt"

Det å få menneske hellig overtydd om at dei sjølve er i ferd med å øydeleggja jorda, måtte skje gjennom to samanfallande hendingar. Det eine var at mange nasjonar skulle bevisst sjå gjennom fingrane med at industrien dreiv forureining. Den andre hendinga var kapring av vitskapsgreina som dreiv med klimastudium. Klimaforskarar, som støtta ideen om menneskeskapt global oppvarming, vart støtta med store midlar, bl.a. frå FN. Bare dei som var "kjøpt og betalt", skulle få publisert sine studier.

Klimagate

Mange ville nok ha avvist disse påstandane hadde det ikkje vore for den store skandalen, KLIMAGATE, i 2009. Her siterer eg Bob Ellis i "dakotavoice.com" frå 18.desember 2009 (artikkelen er gamal, men like aktuell i dag). Han skriv: "Disiplane for den nye religionen, som blir kalla "Anthropogenic Global Warming", ønskjer at folk skal tru på deira teori om at jorda vert varma opp som ein følgje av menneskelige aktivitetar, og at denne påstanden er ein konsekvens av "avgjort vitenskap", og at det er einigheit om dette.

Enkelte begynte å få mistanke om at denne påstanden ikkje var heilt sann. Takk vere Klmagate, som kom i 2009, vart påstandane bekrefta. Klimagate var ein lekkasje av nesten 12 års fortrulige e-post meldingar frå forskarar i England. Det var bl.a. over 31.000 (derav 9000 med Ph), som ville underskriva på at dei ikkje kjøper påstanden, som FN påstår om menneskeskapt global oppvarming. Informasjonen viser også at det bevisst er blitt tukla med tal, temperaturmålingar og modellar. Det vart også gjort forsøk på å halda skjult at klimaet er blitt kaldare dei siste åra før 2009", sitat slutt.

Denne artikkelen er mykje lenger, men eg håpar eg har fått fram poenget mitt. Eg har tallause tilsvarande artiklar som syner det same, men som sjølvsagt ikkje kjem i massemedia. Norsk presse har knapt skreve om klimagate. Nei, det er på internett ein finn sanninga i dag.

Blinkar raudt lang veg

Eg må skriva nokre ord om Al Gore. Vi som har følgt med i amerikansk politikk har hatt han i kikkerten sidan 1990.Eg er samd med andre på internett som uttalar at ser dei Al Gore i Media, blinkar det raudt lang vei.

Det er vanskeleg å vita om Al Gore høyrer til dei mørke kreftene, eller om han er ein "puppet". Men ein ting kan vi slå fast: Han er ein svindlar av stor format. Det han seier om global oppvarming veit han sjølv at ikkje er sant. Han har investert (saman med bl.a. Blood, tidlegare i Godman Sachs), 300 million dollar i "Cap and Trade" som er eit selskap som kjøper og sel CO2-kvotar. Han sjølv tar sikte på å bli den første milliardær (billlion på engelsk) innan denne handelen. Han spelar også hovudrolla i ein eigenprodusert film som heiter "Inconvient Lies". Denne rolla burde han ha fått Oscar for, i staden for Fredsprisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hemmeleg og korrupt

Eg kan også dokumentera at FN er skapt av ein organisasjon som kallar seg "The Order". I 1920 stifta dei ein organisasjon som seinare i 1930-åra blei "League of Nations", som seinare blei UN (FN på norsk).

The Order er ein hemmeleg og korrupt organisasjon som til ei kvar tid består av 12 medlemer frå den amerikanske eliten innan bank, industri, politikk, militæret, handel, religion etc.

The Order vart stifta på midten av 1800-talet, men er like aktiv i dag, og har vore det heile tida, sidan starten. Kilde: Boka «Americas Secret Etabblissement» av Antony C.Sutton, utgitt i 2002.

Dei som arbeider i FN veit sjølvsagt ikkje om dette, men nokon kjenner til det.

Dei same kreftene

Du skriv vidare: "Det gjer vondt når Eidhammer skriv at FNs klimapanel er den største bløffen i dette århundret".

Sjølvsagt gjer det vondt når etablerte og opplesne sanningar blir angripne og tilbakeviste.

Når det gjeld "tobakkssaka", tar du grundig feil om meg. Dei som sto bak og promoterte tobakksindustrien er dei same kreftene som styrer FN og massemedia,og som eg var med og avsløra den gongen. Det same gjeld dei som støttar produsentane av fossilt drivstoff, det er jo dei same kreftene.

Eg kan fullstendig avvisa at eg brukar slike kjelder. At det kan vera samanfallande synspunkt, forandrar ikkje på dette. Nei, eg tar mine standpunkt frå alternative kjelder, som eg har gjort like lenge som eg har vore i arbeidslivet, og ikkje frå massemedia (og med massemedia meiner eg ikkje vår lokalavis).

Artikkelen held fram under annonsen.

Indoktrinering

Dersom det er nokon som ikkje forstår at vi blir indoktrinerte daglig av massemedia, tar eg med eit eksempel som alle kjenner til. I 2002/2003 blei det hevda at Sadam hadde "masseødleggelsevåpen". Påstanden om dette verserte over lang, lang tid i massemedia der eit samla folk på denne planeten blei feilinformert og indoktrinert over lang tid.

Vi som støtta oss på alternative kjelder (som viste til Hans Blix), forsto tidleg at dette var "HOAX" (bløff).

Det same skjer i dag. Vi blir indoktrinerte dag etter dag, år etter år av "nikkedukker" som fylgjer direktiva til dei som styrer denne planeten.

Eg skal gje deg ros for ein ting, du skriv mykje betre nynorsk enn meg.

Njål Eidhammer